Under "Haust på museet" på Sunnhordland museum i helga fekk desse tre jentene prøve seg på husflidtradisjonar. No skal husflidlaget starte opp eigen klubb for barn og unge. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I haust kjem det eit heilt nytt fritidstilbod for barn og unge på Stord.

Det er kanskje ikkje så mange som tenkjer på barn og unge når ein høyrer ordet «husflid». Men det har Stord Husflidlag tenkt å gjere noko med. I haust vil dei nemleg starte opp ein Ung husflid-klubb på Stord.

– Føremålet er å laga ein arena der barn og unge får oppleva gleda ved å laga noko med hendene sine, fortel leiar i Stord Husflidslag, Johanne Gram Langeland.

Her skal ein få læra grunnleggjande handverksteknikkar, som strikking, hekling, veving, brodering, saum/symaskin,  trearbeid og leire/keramikk.

– Me vil ha fokus på barn og unge sine kreative evne. Deltakarane får leika og eksperimentera med fargar, formar og material. Attbruk og redesign er aktuelle tema, seier Langeland.

- Annonse -

Satsinga er del av ein nasjonal trend, der husflidslaga ønskjer å vidareføre handverkstradisjonane til dei yngste genrasjonane.

- Annonse -
- Annonse -

– Me ønskjer å satse på dei unge. Mange stadar i landet er dei godt i gang med dette arbeidet. På denne måten er Norges Husflidslag med på å sikra vidareføring og fornying av kulturarv og husflidstradisjonar til komande generasjonar.

Oppstart av klubben er tysdag 1. oktober, klokka 17.30 på Leirvik skule. Interesserte kan ta kontakt med leiaren i Stord husflidslag.

Det er berre fantastien som set grenser for kva ein kan lage i ein husflidklubb. Foto: Stord husflidslag
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -