Øyvind Halleraker er dagleg leiar i lobbyselskapet Hordfast AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Øyvind Halleraker oppmodar sunnhordlandskommunane til å gløyme sørleg kryssing av Langenuen.

– Vegdirektøren var tydeleg på at me kan spare éin milliard på å unngå dei ekstra kilometrane med motorveg ein måtte ha bygd ved sørleg kryssing av Langenuen. I tillegg kan ein spare éin milliard ved å vente med bygginga av motorveg sør for Mehammar, seier dagleg leiar i Hordfast AS, Øyvind Halleraker.

Dermed meiner Halleraker at det no er på tide å samle seg om det midtre alternativet, som medfører bru frå Raunholm på Stord-sida til Nese på Tysnes.

– Ikkje tid til omkamp

– Det er viktig at me no samlar oss bak dette og ikkje tek nokon omkamp. Viss ikkje er me i fare å få heile prosjektet utsett, me snakkar kanskje om meir enn fem års utsetjing. Det er ikkje sikkert det er om for løyvingar til dette prosjektet om me ikkje står saman.

Til no har Statens Vegvesen fått redusert prisen på brua over Bjørnefjorden med åtte milliardar kroner. Saman med dei to milliardane i innsparing på kryssinga over Langenuen er Halleraker optimistisk.

– At me no snakkar om ein reduksjon på 10 milliardar kroner oppsiktsvekkjande. Vidare er det fleire ting ein kan sjå på for å presse prisen ned. Det går på forskjellen mellom sideforankra og endeforankra bru, tilknytinga på Reksteren samt vidare innsparingar når dette skal ut på anbod.

Slik ser Vegvesenet for seg bruløysinga over Langenuen.

Vil ha offentleg eigarskap

- Annonse -
- Annonse -

Halleraker ønskjer no å utvikle Hordfast-selskapet ved å få kommunane med på laget.

- Annonse -

– Me arbeider no med ei sak om offentleg eigarskap i selskapet. Me vil invitere kommunane og fylkeskommunen for å forankre prosjektet. Dette har eg drøfta med fleire ordførarar og dei stiller seg positive.

Den tidlegare stortingspolitikaren for Høgre er no pådrivar for å få innført bompengar på ferjene for å få fortgang i planlegginga.

– I siste halvdel av februar vil me sende søknaden om bompengar til behandling hos kommunane som har ferjesamband. Blir det positivt vedtak går det vidare til fylket før søknaden blir oversendt til departementet.

Halleraker meiner bompengane også kan bidra til å redusere kostnadane med sjølve investeringa, ved å finansiere rentebelastninga når ein skal ta opp lån.

– Går dette i gjennom har eg tru på byggestart i 2021 eller 222, slik det vert opna for å Nasjonal transportplan.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -