Foto: ÅRIM
- Annonse -

SIM fann mykje glas- og metallemballasje i restavfallet. No håpar dei at nye glas- og metalldunkar skal få ned feilsorteringa.

Denne informasjonen kunne dagleg leiar i Sunnhordland interkommunale selskap IKS, Ole Johan Støle røpa til kommunestyret på Fitjar allereie i april. Til dess hadde SIM berre jobba med planane internt, og Støle fortalde at dei glede seg til orientera om saka på representantskapsmøte 3.mai.

– Så sant økonomi og budsjett vert vedteke som foreslått på møte, byrjar me å laga informasjon som skal ut om ny ordning etter dette, fortalde Støle.

Nyleg byrja husstandane Sunnhordland å få informasjon om ordninga i posten. Her informerte SIM om at allereie i september vil ein byrja å få eigne glas- og metalldunkar. Tømming av dunkane vil byrja i januar 2020, og dunkane vil truleg bli tømt kvart 8.veke.

Foto: skjermdump frå SIM-nytt, SIM.as

– Me fekk ideen om eigne dunkar etter at me gjennomførte plukkanalyse hausten 2018. Me fann store mengder glas- og metallemballasje i restavfallet, fortalde Støle til kommunestyret.

I SIM-nytt bladet som kom i mars, viser resultatet frå plukkanalysen at SIM fann 3% glasemballasje og 2% metallemballasje i restavfallsdunken. I tillegg til 8% papp/papir, 10,9% plastemballasje og 26,7% matavfall!

- Annonse -

–  Det var litt nedslåande å sjå. Mange er veldig flinke, men me ser at her òg ligg eit potensiale, og me kjem til å ha fokus på slike analysar framover, uttala plan-,innkjøps- og kommunikasjonsansvarleg Janne Hillersøy i bladet.

No håper ein at dei nye dunkane skal få ned prosenten med feilsortering av glas- og metall.

- Annonse -