Foto: Google maps
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nytt forslag til prosesjonsveg frå Stord kyrkje sikrar betre tilhøve for dei mjuke trafikantane, men trafikken frå sentrum må vente på tur.

Kyrkja har i lang tid arbeidd for å lage ein ny prosesjonsveg mellom Stord kyrkje og Frugarden gravplass.

No har administrasjonen i kommunen bestemt seg for kva det beste alternativet er. Dei ønskjer at krysset Hystadvegen/Ådlandsvegen vert ei gjennomgåande veg, der trafikken frå sentrum må vike.

Vikeplikt begge retningar

Bakgrunnen er at Stord kommune har gitt oppdrag til Plan Vest om å utarbeide ein rapport der det vart presentert ei rekkje alternativ for ny prosesjonsveg. Administrasjonen støtter seg til konklusjonen frå Stord kyrkjelege fellesråd om at alternativ 1A er det beste, altså løysinga vist på kartet overfor.

Slik kan det nye krysset bli sjåande ut.

Alternativet baserer seg på ny vegløysing med Hystadvegen og Ådlandsvegen som gjennomgåande veg. Trafikken frå sentrum må då stanse for vikeplikt i krysset om ein skal vidare mot Hystad.

- Annonse -

Prosesjonsvegen frå kyrkja vil krysse Hystadvegen og gå på nordsida av vegen heilt opp til Frugarden gravplass, og vil difor også gi tilkomst til Vestre gravplass.

Del av sykkelvegnettet

Det er lagt inn fortausløysing på vestsida av Ådlandsvegen for god tilkomst for gåande og syklande syklande mot Borggata, og for avlasting ved prosesjon.

Kommunen skriv at prosesjonsvegen vil bli ein del av hovudsystemet for sykkel- og gangveg i kommunen, og kan førast vidare langs Hystadvegen på eit seinare tidspunkt.

- Annonse -