Slik kan brua mellom Sunde og Huglo over Husnesfjorden bli sjåande ut, dersom "Sunnfast" blir ein realitet.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dersom dette blir ein realitet vil me få ein heilt ny region, seier Kjell Fylkesnes.

Næringslivsmannen frå Stord har dei siste månadane følgt debatten om nytt ferjesamband mellom Kvinnherad og Stord med eit lurt smil om munnen.

I det stille har han nemleg jobba med prosjektet som han trur vil skrote heile den betente ferjedebatten, nemleg å binde saman Stord og Kvinnherad med bru via Huglo og Tysnes.

Kjell Fylkesnes brenn for bruløysinga. Foto: Aktiv Sunnhordland

Som styremedlem i dei to pådrivarselskapa Sunnhordlandsdiagonalen AS og Sunnhordlandssambandet AS, er han sentral i arbeidet som no blir teke vidare til sentrale styresmakter.

Nokre har gitt det ambisiøse prosjektet namnet «Kvifast». Men Kjell Fylkesnes meiner «Sunnfast» er eit meir presist namn.

– Det er ikkje Kvinnherad som skal bli «øyfast», men eit tverrsamband for heile Sunnhordland som vil binde regionen saman. Det er mest naturleg å tenkje på dette som Sunnfast.

Flytebru til 3,2 milliardar

- Annonse -
- Annonse -

Sunnhordlandsdiagonalen AS er det næringslviet i Kvinnherad som i stor grad står bak. Sunnhordlandssambandet AS er eigd av kommunane, og er leia av tysnesingen Gunnar Bakke. Han meiner det no er på tide at dei to pådriverselskapa jobber i lag for å få realisert prosjektet.

– Me har jobba med ulike løysingar og har no kome fram til ei bruløysing med kombinasjon av ei flytebru mellom Sunde og Huglo med eit lite parti med høgare bru der skip kan passere, seier Fylkesnes.

På sikt vil Sunnhordlandsdiagonalen kunne knyte Sunnhordland saman med E134 mot Oslo.

Dei har fått selskapet LMG Marin, som er leiande i Norge innan flytande konstruksjonar, til å sjå på kva ei slik flytebru vil koste. Dei meiner brua kan bli realisert for 3,2 milliardar kroner. Noko som er langt billigare enn Statens Vegvesen sine tidlegare berekningar med høgbru, som var prissett til 6 milliardar kroner.

– Dette er ei halvering av prisen, og ein høgst kurant måte å gjere det på. Å lage nye vegar og nye ferjestø på begge sider vil koste rundt 2 milliardar. Her får me ein bru som er open 24 timar i døgeret for ein milliard kroner meir.

Det talar til «Sunnfast» sin fordel at samferdselsdepartementet nyleg har avslått å bruke statlege ferjeavløysingsmidlar på innkorting av ferjesambandet, og at slik finansiering blir mykje meir sannsynleg med ei bruløysing.

Vil skape felles bu- og arbeidsmarknad

Iniativtakarane bak «Sunnfast» peiker på at storprosjektet vil revitaliserer samkvem mellom sunnhordlendingane som ei motvekt mot dei store sentra i nord og sør, og skape ein felles bu- og arbeidsmarknad for 60.000 innbyggjarar.

Dei viser til at prosjektet vil auke verdiskapinga for næringslivet, styrke reiselivet, styrke regionsenterfunksjonane på Stord som sjukehus, høgskule og flyplass, utvide kollektivtrafikken med buss mellom kommunane, og utvide elevane sine valmoglegheiter når det gjeld vidaregåande opplæring.

– Regionen vil tene kraftig på dette, er Fylkesnes si tydelege oppsummering.

- Annonse -
Skisse av korleis brua over Husnesfjorden kan bli, med ei sluse for store skip.

– Bør skrote ferjedebatten

No meiner han at debatten om nytt ferjestø bør gravleggast.

– No må me fjerne oss frå diskusjonen om ferjestø. Med «Sunnfast» vil me løyse alle diskusjonane om kor ferjestøa skal ligge, me slepp å øydelegge naturen, og me slepp gamle ferjer som forureiner.

– Dette med ferjestø og kommunikasjon i Sunnhordland har me no brukt 20 år på å kome fram til ingenting. Kommunestyra kjem ikkje fram til nokre løysinger, anna enn kvar me ikkje skal ha nye ferjestø.

– Avhengig av sørleg kryssing

Det som no blir viktig for Fylkesnes og politikarane som jobbar fram «Sunnfast», er å sørgje for at det blir sørleg brukryssing for ny E39 over Langenuen.

– Me er heilt avhengig av sørleg kryssing for å få dette til, for hvis ikkje blir køyreturen 15 minuttar lenger til Leirvik. Det er kjempeviktig at me får fram at sørleg kryssing heng saman med desse løysingane.

Fylkesnes rosar ordførarane i Stord, Tysnes og Kvinnherad for å ha løfta saka til Samferdselsdepartementet, og viser til at pådrivarane for Hordfast ikkje har hatt samband mot Kvinnherad i tankane i det heile teke.

– Øyvind Halleraker er ikkje interessert i å tenkje alternativt. Dei er berre interessert i å realisere E39 raskast og billegast mogleg mellom Stord og Os. Men å gå for midtre kryssing er like dumt som å sende ferja til Skjersholmane. Då gjer me samme bommert ein gong til.

Øyvind Halleraker er dagleg leiar i Hordfast AS. Foto: Wikimedia Commons

– Misforståing

Øyvind Halleraker i Hordfast AS seier at det er ei misforståing at dei har gått inn for midtre kryssing.

– Det eg har sagt er at dersom me får ei avgjersle i departementet om midtre kryssing, så oppmodar eg om ikkje å ta nokon omkamp men å samle oss om avgjersla. Me har ikkje sagt noko om kva me meiner er den beste løysinga.

Halleraker er også usamd i at dei ikkje har hatt Kvinnherad-sambandet i tankane.

– Det er feil at me ikkje har engasjert oss for Kvinnherad-sambandet. Eg har forsøkt å setje lys på at Kvinnherad ikkje har hatt same posisjon inn mot Hordfast-sambandet som andre kommunar, og det har eg meint har vore urimeleg heile vegen. Det som då har blitt sagt frå styresmaktene er at dette er eit fylkesvegssamband som ein ikkje bør blande her.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -