"Fish Woman" var i fleire år plassert i sjøkanten i hamna på Leirvik.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen meiner kommunen bør reparere fiskeskulpturen til Inga Søreide, og gi den ny, innandørs plassering.

Utsmykkingskomiteen skal no ta stilling til den vidare framtida til skulpturen «Fishwoman», som har vore på stua vekk på eit lager etter at ho vart sett på land for to år sidan.

Tidlegare var skulpturen plassert i hamnebassenget i Leirvik, og skapte mykje merksemd i åra den hang der.

Innstillinga til rådmannen er at Stord kommune bør få kunstnaren til å reparere skulpturen for å gi den ei alternativ plassering. Reperasjonen er rekna til å koste 77.000 kroner. I tillegg vil monteringa koste rundt 20.000 kroner.

Hardt medfaren

Skulpturen er hardt medfaren. Prisen på 77.000 er med atterhald om at skulpturen ikkje har vesentlege konstruksjonsbrot, då dette kan føre til ekstra kostnader.

– Rådmannen vurderer kjøpet av Fishwoman som eit kunstprosjekt som har skapt både glede, inspirasjon og irritasjon. Fishwoman er samtidskunst som har utløyst eit bredt engasjement. Med tanke på dette er skulpturen og viktig å dokumentere for ettertida, skriv rådmannen.

- Annonse -

I fjor meinte dåverande kunstnarisk konsulent Jørund Fjøsne at skulpturen burde plasserast i Stord kulturhus. Men etter at Fjøsne sa opp vervet sitt, står utsmykkingskomiteen fritt til å finne andre plasseringar.

Utsmykkingsfondet kjøpte Fishwoman, som er laga av Inga Søreide, i 2014 for 40.000 kroner. Då vart ho plassert ved vasskanten i Osen i Leirvik.

- Annonse -