Det var tre vararepresentantar som måtte ta del i avgjersla som følgje av ugildskap. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Formannskapet i Fitjar fryktar at Selevik krins vil overførast til Stord dersom skulen vert nedlagt.

Av: Harald Johan Sandvik

Denne hausten har Skulebruksplan 2019 – 2023 for Fitjar vore eit svært aktuelt tema, med folkemøte og stort engasjement frå folket i Øvrebygda og Selevik, som stod i fare for å missa krinsskulane sine.

Utgangspunktet er ein vesentleg strammare økonomi i kommunen dei næraste åra.

Vel 20 engasjerte personar frå dei to krinsane møtte opp for å få med seg kva politikarane hadde å seia.

Tre av fem var ugilde

Først i saka kom ein debatt om ugildskap, og det var ikkje få som vart kjend ugilde. Ektefellane til Arne Prestbø (H) og Dagfinn Brekke (KrF) og mor til Sigurd Andre Maraas (Frp) er tilsette i Fitjarskulen. Dei tre representantane vart melde ugilde, og varamenn kom inn: Bjørg Tislevoll (H) Bård Inge Sørfonn (KrF) og Grete Marit Veka Maraas (Sp).

- Annonse -
- Annonse -

Nye element i skulebruksplanen etter den opne høyringa er at ei nedlegging av Selevik skule kan føre til gjesteelevar frå Selevik til skular i Stord. Dette vil i såfall bli ein stor kostnad for Fitjar kommune, ikkje minst når det gjeld skuleskyss.

For det andre vil ei eventuell grenseregulering med overføring av Selevik krins til Stord vere dramatisk for Fitjar som kommune.

Vel 20 tilhøyrarar møtte opp for å følgja saka. Foto: Harald Johan Sandvik

– Me svir økonomisk

Agnar Aarskog (Ap) gav uttrykk for at dette er ei vanskeleg sak.

– Me svir no økonomisk for at me valde å gå vidare som eigen kommune. Me kan diskutera kor mykje dårlegare rammene er, og det går kanskje ikkje så dårleg som administrasjonen fryktar, men sjølv med halvparten av inntektsreduksjonen på 7-8 millionar, må ein redusera kostnader kraftig.

- Annonse -

– Me må finna løysingar, og me kan ikkje skubba dette framfor oss, sa Aarskog.

Bård Inge Sørfonn, KrF, var samd i at dette er ei vanskeleg sak, men han ville sjå lyst på det og viste til at økonomien kan variera frå år til år. Han sette fram igjen framlegget frå KrF som kom i mindretal i Utval for oppvekst og omsorg. Det går på at på grunn av usikre økonomiske faktorar skal ein ikkje leggja ned skular no, men vurdera utviklinga og ta avgjerder seinare.

Ville utsetje

Grete Marit Veka Maraas (Sp) kommenterte at dersom ein legg ned skular no, er det endeleg. Hennar framlegg sa at ingen skular skal leggjast ned no, dei økonomiske konsekvensane skal vurderast grundig, og at kommunen startar opp arbeid med samfunnsplan i kommuneplanen.

Men Framlegga frå KrF og Sp fekk berre ei røyst kvar.

Ordførar Wenche Tislevoll, H, la fram felles framlegg frå H og Ap. Det vart vedteke med partia sine tre røyster, og går som tilråding til kommunestyret 17. oktober. Det er kommunestyret som skal ta endeleg avgjerd.

Framlegget lyder slik:

Kommunestyret vedtek å leggja ned Øvrebygda skule og flytta alle elevane til Rimbareid med verknad frå 01.08.2020. Kommunestyret vil halde fram med skuledrift i Sælevik.

- Annonse -