Jakob Bjelland (Sp) er engasjert med Vestland-reformen. Arkivfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

For nokre veker sidan fekk koalisjonen budsjettet til å gå i hop ved å spare 8,2 millionar kroner ved å utsetje planlagt veg til Grunnavågen. No vil dei likevel løyve pengar til prosjektet.

– Me er uroa over at utsetjing av vegen vil setje ein stoppar for investeringar i Grunnavåg, i hovudsak av Erko Settefisk, sa Jakob Bjelland (Sp).

– Potensialet er så stort at me vil legge fram forslag for å likevel løyve pengane.

Bjelland forklarte at kostnaden for vegen vil bli på 11,2 millionar kroner, og ikkje 8,2 millionar slik det vart skrive i budsjettet. Han er klar på at pengane ikkje vil bli løyva frå andre budsjettpostar, men finansierast med låneopptak.

Auka kapitalkostnader

– Det betyr at kommunen vil få auka kapitalkostnadar framover, men om det blir ein kraftig oppgradering av anlegget vil det bety auka skatteinntekter, fleire arbeidsplassar og vil auke verdien på det kommunale anlegget, sa Bjelland.

Men det er ikkje berre kostnaden for vegen som skapar ekstrakostnadar for kommunen. Den kraftige kostnadssprekken for Nysæter ungdomsskule gjer også at politikarane må auke låneopptaket.

- Annonse -
- Annonse -

Fleirtalet i kommunestyret vedtok dermed å auke det totale låneopptaket med 36 millionar kroner.

- Annonse -

Sterkt kritisk til prosessen

Geir Angeltveit (V) var svært kritisk til at koalisjonen vel å gjere nokre så store endringar i budsjettet så kort tid etter at budsjettet vart vedteke. Han la ned forslag om å få budsjettet til revisjon snarast, men forslaget fekk ikkje fleirtal.

Sverre Olav Svarstad i Høgre.

Sverre Olav Svarstad (H) stilte seg også svært kritisk til måten koalisjonen har gått fram på.

– Me er sterkt kritisk til denne måten å handsame budsjettet på. Me er sterkt kritisk til at ein her ikkje kjem med framlegg om korleis ein kan endre på budsjettet utan å løyse det innanfor dei vedtekne rammene. Her skal ein altså auke låneopptaket og endre på bruttoinvesteringane. Det er ein fullstendig feil måte å gå fram på.

Svarstad stilte seg likevel bak vegprosjektet i Grunnavågen.

– Me vil støtte tiltaket likevel, for dette er eit viktig tiltak og noko Høgre hadde inne i sitt alternative budsjett.

- Annonse -