Torbjørn Brosvik er ordførarkandidat for Stord KrF. Foto: privat
- Annonse -

Lesarbrev: Stord KrF vil legge til rette for kyrkjelydshus ved Stord kyrkje og betre parkeringstilhøve ved kyrkja og turvegen langs Frugardselva. 

Av: Torbjørn Brosvik
Ordførarkandidat, Stord KrF

Kyrkja har ein sentral og viktig plass i våre lokalsamfunn. Gjennom lovverk har kyrkja mange og viktige ansvarsområde. Planlegging, opparbeiding og drift av gravplassar er eit eksempel på teneste kyrkja utfører for alle innbyggjarar i kommunen.

I løpet av dei siste åra har vi fått utvida og opparbeidd nye flotte gravplassar som er fine og verdige områder der sørgjande kan besøke gravene til sine kjære. Ein moderne gravplass er nærast som eit parkanlegg å rekne. Det er mykje arbeid å sjå til at desse områda held seg fine og gode.

Fleire parti meiner at kyrkja får for mykje pengar gjennom det kommunale budsjettet. Stord KrF veit at kyrkja utfører mange gode tenester for alle innbyggarane i kommunen. Derfor vil vi sikre godt vedlikehald av kyrkjer, kyrkjegardar og gravplassar.

Vi vil og legge til rette for kyrkjelydshus ved Stord kyrkje og betre parkeringstilhøve ved kyrkja og turvegen langs Frugardselva.

- Annonse -

KrF vil arbeide for å ta vare på den kulturarven kyrkja representerer gjennom å styrke dei økonomiske rammene. Vi vil at kristne lag og organisasjonar skal kunne søke om kommunale midlar til sine arrangement og drift, på line med andre organisasjonar.

Som einaste parti på Stord har vi eit kapittel i programmet vårt om kyrkje og kristenliv. Dersom dette er saker du ønskjer skal vere viktige i kommunen vår, må di røyst ved valet gå til eit parti som løftar kyrkja høgt.

Godt val!

- Annonse -