"Fish Woman" var i fleire år plassert i sjøkanten i hamna på Leirvik.
- Annonse -

Jørund Fjøsne ønskjer å løfte fram debatten om skulpturen i forslaget til ny plassering under trappa i kulturhuset.

Utsmykkingskomiteen skal ta stilling til den vidare framtida til skulpturen «Fishwoman», som har vore på stua vekk på eit lager etter at ho vart landfast sidan i fjor.

Kunstnarisk konsulent i Stord kommune, Jørund Fjøsne har kome fram til eit forslag der fiskedama vil vere skjerma for vêr og vind. Han ønskjer at skulpturen skal monterast under trappa til andre etasje i kulturhuset.

Treng rehabilitering

Han ønskjer også å montere ein tekstboks med flytande tekstar relatert til den lokale debatten og artiklar rundt Fishwoman. Men først må fiskedama gjennom eit solid ansiktsløft.

– Skulpturen treng ei solid overhaling etter å ha vore utsett for vêr og vind. Det inneber fjerning av laust skal og maling, deretter grunning, sparkling, pussing og maling. For å sikre eit solid feste må armering/fundamentering styrkast, skriv Fjøsne.

- Annonse -

Arbeidet med montering og rehabilitering av skulpturen er rekna til å kome på 75.000 kroner. Det er altså nær det dobbelte av den opphavlege prislappen på skulpturen, som var på 40.000 kroner.

– Mange spør etter skulpturen

Utsmykkingsfondet kjøpte Fishwoman, som er laga av Inga Søreide, i 2014. Då vart ho plassert ved vasskanten i Osen i Leirvik. Seinare vart ho bestemt flytta grunna skadar etter vêr og vind.

Rådmannen gir støtte til at Fishwoman vert plassert i kulturhuset og at det vert løyvd ekstra midlar til arbeidet.

– Fishwoman har engasjert mange. Både i lokalpressa og på folkemunne har sjølve skulpturen og plasseringa vore diskutert. No når den er teken bort i frå Osen, er det mange som spør etter Fishwoman. Ved å plassere skulpturen i Kulturhuset kan den igjen utfordre til irritasjon, glede og meiningsutveksling, skriv rådmannen.

- Annonse -