Seladon for fulle segl. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Einar Matre stadfestar overfor Fitjarposten i dag at seglkutteren Seladon er til sals.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

På nettstaden finn.no kan me lesa at ei lettsegla og svært lettmanøvrerbar skute er til sals. Skuta det gjeld er velkjende Seladon, som har blitt eigd og driven av Terje Skorpen og Einar Matre i rundt 30 år.

– Skuta er ei oppleving å segla og kan vera til stor glede for mange i nærmiljøet. Me vil og jobba for at vennelaget til skuta skal halda fram, då dei har vore ein viktig faktor i ungdomsarbeidet, skriv eigarane i annonsen på finn.no.

Storma rundt eigarane

Som kjent har det storma rundt den stolte seglskuta og eigarane etter at dei blei oppsagde frå Smedholmen, der dei har drive kyst- og naturlivsskulen sin.

Mykje i samband med ei mykje omtalt kattehistorie, som fekk nasjonal merksemd.

- Annonse -
- Annonse -

Det var i fjor vår det blei kjent at Matre og Skorpen måtte ut frå Smedholmen. I møte i mars i år med Friluftsrådet Vest, Fitjar kommune og Miljødirektoratet blei det endeleg bekrefta at leigeavtalen ville gå ut og at aktiviteten på Smedholmen måtte avsluttast.

I dag ligg Seladon ved GSE Sandvik sin kai på Fitjar. Her ligg båten litt utsett for hard vestleg vind, fortel Einar Matre. Det er vanskeleg å ha eit fartøy utan base, understrekar han, og då blir det for tungvint for to mann å driva vidare som no. Derfor ser dei seg om etter ei anna løysing.

- Annonse -

Søkjer andre jobbar

Dei har utstyret sitt spreidd rundt om, og har ingen stad å jobba med større arbeid som mastrar og rundholtar, og det har kosta å måtta avslutta på Smedholmen og anna dei har opplevd.

– Derfor søkjer me oss andre jobbar, fortel Einar Matre.

Men han legg til at dei håpar på å få fortsetja med ungdomsprosjektet og leiga Seladon attende til ulike oppdrag. Matre og Skorpen ynskje å vera med og driva fartøyet vidare, arbeida med vedlikehald og opplæring av andre som kan vera med og segla skuta inn i framtida.

Interesse for fartøyet

Dei siste åra har fartøyet blitt nytta til ungdomsarbeid, og segla med skular, lag og bedrifter. I år har dei blant anna arbeidd ein månad for Kystsogevekene, og nye oppdrag står for tur neste år.

– Det er ein del interesse for fartøyet, sidan me har segla heile kysten i ein del år, understrekar Einar Matre, som altså vonar å få til eit samarbeid med framtidig eigar av den stolte skuta.

Matre seglar i augneblinken i Biscaya, og ligg og rullar i stor sjø frå to orkansenter.

Det er slutt for Einar Matre og Terje Skorpen her på Smedholmen.

- Annonse -