Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Føraren kom uskadd frå ulukka, men må vente seg ein reaksjon frå politiet.

Det var i 2.30-tida natt til måndag at politiet fekk melding om utforkøyringa, som skjedde i nordgåande retning på E39.

Føraren, ein 18 år gammal mann frå Stord, kom uskadd frå hendinga, og bilen vart henta av bilberging.

– Bilen er kome godt ut i grøfta, og han har sannsynlegvis fått ein sleng på bilen, opplyser Steinar Knudsen, operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt.

Politiet opplyser at utforkøyringa skjedde på E39, rett før krysset ved Ådland bru.

Han vil bli politimeldt etter ulukka.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Politiet politimelder forholdet og tek beslag i førerkortet, opplyser Sørvest politidistrikt på Twitter.

Politiet opplyser vidare at mønsterdjupna på bakhjula var lik null.

– Det er teke beslag i førarkortet som følgje av uansvarleg køyring og bilens tekniske tilstand, opplyser operasjonsleiaren.

- Annonse -