Nina Lovise Langeland gir vert det ikkje noko etterfølgjar med det første. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Store budsjettutfordringar gjer at Stord kommune har bestemt å vente med å tilsetje etterfølgjaren til avtroppande leiar i Frivilligsentralen, Nina Lovise Langeland.

Langeland skal som kjent starte opp ein ny versjon av Galleri Giga frå 1. november, og gir seg i stillinga som dagleg leiar i Frivilligsentralen.

Stord kommune lyste ut stillinga som ny dagleg leiar, med søknadsfrist 12. oktober. Men no har administrasjonen bestemt å vente med nytilsettinga for å spare pengar.

Utfordringar med budsjettet

– Me har bestemt å setje utlysinga på vent fordi me no er i ein budsjettsituasjon, og har ein del utfordringar knytt til det, seier kommunalsjef Lovise Vestbøstad.

– Kor lang tid vil det ta før stillinga kjem på plass igjen?

– Det veit me ikkje heilt. Me er i ein prosess med budsjettet no, og då tilset me ikkje folk i denne type stillingar. Me må gjere ei totalvurdering i forhold til denne stillinga.

- Annonse -
- Annonse -

Frivilligsentralen på Stord har mange oppgåver knytt til lag, organisasjonar og frivilligheita på Stord. Sentralen har mellom anna ansvar for natteramnane, treff for einslege eldre, trening for vanskelegstilte, innsamling til TV-aksjonen og har medansvar for BUA Stord.

- Annonse -

– Sjølvsagt uheldig

Vestbøstad erkjenner at lag- og organisasjonslivet kjem til å lide av at Frivilligsentralen står utan leiar i ein periode.

– Det er sjølvsagt uheldig, men korleis dette vil påverke dei veit eg ikkje. Men det er ganske standard å gjere dette i ein budsjettsituasjon der ein kan få overtalige i kommunen. Det er jo mange ting som ligg bak ei slik avgjersle.

– Vil utleigstilbodet i BUA Stord bli råka av dette?

– Det kan eg ikkje svare på på noverande tidspunkt. Enn så lenge går alt som normalt, så vil me eventuelt gi informasjon dersom dette får konsekvensar, seier Vestbøstad.

- Annonse -