Skeisebanen på Vikahaugane vil ikkje bli opna igjen til hausten. Foto: Stord IL
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunestyret fann ikkje råd til å løyve pengane som trengs for å sikre neste års drift av skeisebanen på Vikahaugane til hausten. 

Det uvanleg varme februarvêret har gjort at årets skeisesesong har blitt kraftig forkorta. Eigentleg skulle banen vere i drift fram til 1. april, men førre veke meldte Stord IL at mildvêret gjorde at banen allereie no er bitt stengt ned.

Dette var ikkje den einaste keisame nyheita for dei skeiseinteresserte på Stord førre veke.

– Problematisk

Kommunestyret vedtok nemleg å ikkje løyve dei 1,15 millionane som trengs for å sikre drift til neste år. Politikarane gjekk dermed i mot fleirtalet i Næring-, miljø-, og kulturkomiteen, som hadde innstilt på vidare drift.

Sverre Olav Svarstad i Høgre var ein av dei som meinte det ville vere feil å løyve så mykje pengar til skeisedrift, når kommunestyret nettopp hadde vedteke å legge ned Vidsteentunet for å spare 400.000 kroner i husleige.

– Eg synest dette blir problematisk. For å sikre vidare drift må me løyve over ein million. I lys av dei økonomidebattane om Nysæter ungdomsskule og Vidsteentunet så synest eg det er drygt dersom kommunestyret no seier at ein vil finne desse pengane, sa Svarstad.

Sverre Olav Svarstad i Høgre.

Sparar ein million

- Annonse -

Sjølv om koalisjonen i utgangspunktet hadde innstilt på å vidareføre drifta, vart dei etter kvart samde i at det ville vere feil å bruke 1,15 millionar kroner på vidare skeisedrift så lenge den økonomiske situasjonen i kommunen er så krevjande.

– Eg er på lang veg samd med Svarstad. Me har hatt nokre veldig tøffe budsjettdebattar her i dag. Eg er ikkje sikker på om me har desse pengane, sa varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

Han la fram eit forslag som eit fleirtal i kommunestyret vedtok. Nemleg at pumpene ved skeisebanen vil bli stansa 1. april, og byggvakta vil verte oppsagt. Samtidig er det lagt opp til at vurderinga av om ein skal gå vidare med ein skeisehall skal takast til neste år.

– No sparar me ialllfall ein million kroner i år, og så er me usikre på kva det vil koste å starte opp igjen seinare. Utifrå den økonomiske situasjonen vurderer me at dette er den beste løysinga, sa Bjelland.

– Klare fordeler å halde drifta i gang

Rådmannen var tydeleg på at å vedta stenging av skeisebanen kan skape trøbbel dersom ein vedtek oppstart på eit seinare tidspunkt.

– Det blir ikkje øydelagt for alltid, men det er klare fordelar ved å halde drifta i gang. Men det er ikkje irreversibelt.

Det vart vist til at pumpar og drift må haldast i gang gjennom heile sommarsesongen, blant anna ved å tette igjen lekkasjar i skeisebanen og tette opp røyr som har sprekt gjennom vintersesongen.

Ein annan ulempe ved å stenge skeisebanen vart sagt at finansieringa av ein eventuell skeisehall vil vere meir krevjande, då det er ein føresetnad for spelemidlar at det allereie er ein skeisebane i drift.

- Annonse -