- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen ønskjer at Stord kommune skal betale nær 170.000 kroner til Stord maritime museum fram mot oktober, medan Sunnhordland museum må klare seg med ei årleg støtte på halvparten.

Den svært betente museumssaka nærmar seg ei endeleg avklaring, etter at fristen for det lenge dødfødde samarbeidet mellom Stord maritime museum og Sunnhordland museum gjekk ut i midten av april.

F.v. Magnus Mjør, Svein Ove Agdestein og Ole Yttredal. Foto: Stord kommune

No har rådmannen skrive framlegg til saka som næring, miljø og kultur-komiteen skal handsame neste veke. Her legg han opp at den maritime samlinga får frist til 1. oktober til å kome med framlegg om ei alternativ driftsmodell.

Betydeleg redusert tilskot

– Kommunestyret føreset at eit slikt opplegg omfattar eit betydeleg redusert kommunalt tilskot, og at det i tillegg til budsjett skisserer eit opplegg for fageleg og administrativ tilknyting og trong for deponi. Stord kommune kan medverka til å sikra deler av samlingane gjennom å stilla til rådvelde tenleg deponi, står det i innstillinga.

Som Stord24 har skrive tidlegare er den politiske vilja for å halde fram med å støtte Stord maritime museum med fleire hundre tusen på vikande front. Det er tverrpolitisk semje om at når den maritime samlinga står på eigne bein, må dei søkje støtte på lik linje som alle frivillige lag og organisasjonar på Stord. I praksis vil det bety at samlinga må flytte ut frå lokala på Nattrutekaien, då husleiga er alt for dyr for kommunen å betale.

- Annonse -
- Annonse -

Men rådmannen ønskjer at Stord kommune skal halde fram med å ta rekninga for husleiga fram mot oktober, som vil kome på nær 170.000. Stord kommune har allereie nytta rundt 223.000 kroner på husleiga samlinga så langt i år.

Stikk til Sunnhordland museum

Rådmannen kjem med eit tydeleg stikk til Sunnhordland museum i innstillinga, då han legg opp til at politikarane skal vedta følgjande ordlyd:

- Annonse -

Kommunestyret beklagar at Sunnhordland museum ikkje har villa medverka til å få på plass ein samarbeidsavtale med det maritime museet.

Samtidig legg ikkje rådmannen opp til at Stord kommune skal betale nokon generell driftsstøtte til Sunnhordland museum, utover dei 90.000 kronene som er eit øyremerka tilskot til stillinga som museumskonservator.

Gir ekstra ansvar

Trass i dei små løyvingane ønskjer rådmannen at kommunen skal krevje at Sunnhordland museum tek eit ansvar for å samle dei frivillige samlingane i regionen.

– Det må startast ein prosess for å utvikla samarbeidsformer mellom lag og organisasjonar i Sunnhordland som arbeider med kulturhistoriske samlingar og Sunnhordland museum. Kommunestyret legg til grunn at Sunnhordland museum tek eit særleg ansvar for denne prosessen.

Politikarane får seie si meining på NMK-møte 31. mai, og seinare i kommunestyret i juni.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -