Rådmann Magnus Mjør er skeptisk til å bruke fondet til SIM til utbetring av naturstiar. Foto: SIM/Stord kommune
- Annonse -

Rådmannen i Stord kommune meiner SIM sitt framlegg om å nytte selskapet sine fondsmidlar på 50 millionar kroner til utbygging av naturstiar er ein dårleg idé. 

Etter at SIM selde ut den næringsretta delen av drifta av miljøselskapet for to år sidan blei det oppretta eit fond, der det i dag står om lag 50 millionar kroner disponibelt.

Representantskapet i SIM ønskjer å bruke deler av desse midlane på utbetring og etablering av naturstiar i Sunnhordland.

Men for å gjere dette må det ei vedtektsendring til i kommunane, der omgrepet «miljøføremål» må utvidast til å også gjelde tilgjenge til eit godt miljø, som til dømes naturstiar.

Skeptisk

Neste veke skal formannskapet i Stord kommune handsame saka. Men i innstillinga er rådmannen negativ til vedtektsendringa.

- Annonse -

– Rådmannen er skeptisk til å utvida føremålet til friluftsliv og folkehelsetiltak, og rår ikkje til endring i føremålsparagrafen.

Han viser til eit tidlegare vedtak frå kommunestyret, der kjerneoppgåvene vert definert: «Stord kommunestyre meiner at SIM sine kjerneoppgåver også i framtida skal vera å gje hushald og næringsliv i regionen eit tilbod knytt til innsamling, mottak og handsaming av avfall.»

Rådmannen meiner dette talar i mot å utvide føremålsparagrafen.

Utanfor strategien

– Å nytte fondsmidlane til å etablere og vedlikehalde naturstiar, er eit føremål som ligg utanfor eigarskapsstrategien til Stord kommune. Tilgjenge til eit godt miljø, til dømes naturstiar, sikrar ikkje publikum innsamling og drift av forbruksavfall og slam på ein miljøvennleg og effektiv måte.

Retningslinene for bruk av fondet i dag er det kan berre brukast på tiltak som gir direkte miljøvinst for innbyggjarar, kommunar og institusjonar.

Det kan til dømes vera tiltak som fremmar ombruk, gjenvinning og reduserer avfallsmengder. Alle i Sunnhordland kan søkje om midlar frå fondet.