Gruo pub til venstre har søkt om skjenkeløyve. Det likar ikkje Linda Hellesund i nabopuben Sagvåg pub & kafe.
- Annonse -

Linda Hellesund i Sagvåg Pub & Kafé jobbar for å få politikarane til å nekte skjenkeløyve til Gruo pub, rett over gata.

Neste veke skal formannskapet ta stilling til om Gruo pub i Sagvåg skal få skjenkeløyve. Puben, som i haust fekk nye eigarar, har berre hatt ambulerande skjenkeløyve i helgane dei siste månadane. Løyvet er knytt til Gerd Myhre Thorland som skjenkestyrar.

Men sjølv om Gruo pub har eksistert meir eller mindre samanhengande i over 25 år meiner pubstyrar Linda Hellesund hos konkurrenten Sagvåg Pub & Kafé, rett over gata, at politikarane bør setje foten ned.

– Arbeidsplassar i fare

– Både me og Voxy restaurant slit begge, for det er ikkje nok folk som nyttar seg av tilboda me kan gi. Då kan me ikkje sjå at ein tredje stad med skjenkeløyve vil hjelpe på. Me snakkar om ca. 20 arbeidsplassar som står i fare dersom me og Voxy må leggje ned, skriv Hellesund i eit brev til politikarane.

Ho skriv at Sagvåg Pub & Kafé tilbyr mykje til lokalbefolkninga, som julefeiring for einslege, møtelokale og selskapslokale.

Linda Hellesund er dagleg leiar i Sagvåg pub & kafe.

– Me har så mykje meir å tilby for lokalbefolkninga enn berre ein pub. Me vonar de tenkjer dykk godt om med tanke på endå eit løyve i Sagvågsgata. Sagvåg er stort, men ikkje stort nok.

– Uheldig

- Annonse -

Medeigar i Gruo pub, Elisabeth Hjelland, blir oppgjeven når ho høyrer om konkurrenten sitt forsøk på å stikke kjeppar i hjula for pubdrifta på Gruo.

– Eg synest det er veldig uheldig at ho vel å gjere dette. Men det er jo sånn at det har vore skjenking på Gruo i 25 år. Me kan jo ikkje vere ansvarlege for eventuelle tøffe tider der borte.

Ho fortel at dei prøvar å legge planar for våren på ein måte som ikkje kolliderer med arrangement på nabopuben.

– Eg kjenner at eg blir litt lei meg, for når me no legg kabalen utover året har me valt å ikkje sende kanalane som me veit at dei sender fotball på, og me vil ikkje ha arrangement på dagar når dei har quizkveld. Målet vårt har jo nettopp vore å ikkje gå dei i næringa.

– Burde halde Voxy utanfor

Hjellen reagerer også på at Hellesund skriv på vegner av kinarestauranten Voxy, utan at dei har signert brevet.

– Dei burde holde halde Voxy utanfor samtalen. Eg synest det er veldig uheldig når ein vel å ta med namn som ikkje har fått høve til å signere brevet.

Ho meiner at alle i Sagvåg burde vere positivt innstilt til konkurranse.

– Me kan trekkje parallellar med Kiwi som nettopp har fått konkurranse frå den nye Rema 1000-butikken. Dei har det same publikummet dei skal slåss om, og eg ønskjer begge butikkane alt godt. Folk må få lov å velje kor dei skal handle, slik som folk bør sjølv få velje kor dei vil gå på pub, seier Hjelland.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med Linda Hellesund for kommentar til saka.

- Annonse -