Foto: Wikipedia
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen i Bømlo vil halvere bompengesatsen på Bømlobrua, og innføre eit tak på 40 passeringar i månaden.

I samband med starten på Bømlopakke II vil det kome store endringar i bompengestrukturen på Bømlo. Rådmannen ønskjer å legge til fire nye bompengepasseringar rundt Bremnes sentrum, i tillegg til dei to eksisterande på Bømlabrua og på ferjesambandet mellom Langevåg og Buavåg.

Samtidig ønskjer rådmannen at prisen per bompassering skal bli redusert frå dagens 65 kroner til 32,50 kroner. For tunge bilar blir satsen 65 kroner.

Nytt er også at det vert lagt opp til å innføre eit tak på kor mange bompasseringar ein må betale for. Passeringstaket vil vere på 40 passeringar per månad, noko som vil vere godt nytt til alle som pendlar mellom Bømlo og Stord.

Det vert også slutt på dei glade dagane for elbileigarar. Rådmannen legg opp til at elbilar på sikt skal betale full sats, men i starten slepp dei unna med 50 prosent rabatt fram til nasjonale retningsliner er på plass.

Det er kommunestyret i Bømlo som skal ta endeleg stilling til endringane i eit møte over helga.

- Annonse -