SV-leiar Audun Lysbakken krev svar frå ministeren. Foto: Wiimedia Commons
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

SV-leiar Audun Lysakken krev svar frå statsråden.

– Det er uhaldbart at det ikkje blei sjekka grundigare om ferjene faktisk var klare til drift, og at det ikkje blei gjort meir for å sikre framdrift. Dette er til sjuande og sist samferdselsministerens ansvar, seier Lysbakken til BT.

Han har difor sendt eit spørsmål til minister Jon Georg Dale om dei store ferjeproblema på sambandet Halhjem – Sandvikvåg etter reiarlaget Torghatten Nord tok over sambandet ved nyttår.

Som kjent er ingen av dei fem nye ferjene som er bestilt levert, og ligg framleis ved verfta.

– Ser statsrådet at kaoset på dette ferjesambandet kunne vore unngått dersom kvalitet var vekta høgare i anbodsrunden? er spørsmålet til SV-leiaren som Jon Georg Dale no må svare på.

Spørsmålet kjem etter at Vegvesenet nyleg har avskrive seg alt ansvar knytt til dei store problema.

- Annonse -

– Me meiner me har tildelt løyvet til det beste reiarlaget. Eit tilbod som det ikkje var grunn til å setje spørsmålsteikn ved under kontraktinngåinga, sa Edvard Thonstad Sandvik som er avdelingsdirektør for ferjeteamet i Vegdirektoratet.

Lysbakken er ikkje den første til å krevje svar frå samferdselsministeren om ferjekaoset. Også Ruth Gung frå Arbeidarpartiet stilte spørsmål om saka i januar. Då svarte Dale mellom anna at Torghatten Nord har fått lang nok byggetid for dei nye ferjene.

- Annonse -