Stortingsrepresentant Petter Eide (SV) har sendt skriftleg spørsmål til justisministeren etter politiaksjonen på Heiane Mottak. Foto: Stord24/SV
- Annonse -

Stortingsrepresentant Petter Eide (SV) har lete seg provosere av politiaksjonen på Stord mottakssenter, som også leiinga i Stord kommune har gått hardt ut mot.

– No begynner me å bli leie av stadige rapportar om at politiet opptrer brutalt i slike utkastingssaker. Det er heilt unødvendig at politiet stiller opp med så enormt mykje folk tidleg på morgonen for å kaste ut familiar, seier Eide til Stord24.

Han meiner politiet har ein agenda om å skremme andre bebuarar ved å opptre så mannsterke.

– Det ligg openbart eit element i dette om at dei ønskjer å skremme familien, og at dei vil sende eit signal til andre asylsøkjarar om at dei kan kome kva tid som helst.

– Når det her er snakk om barn så er dette ein brutal oppførsel, veldig lite omsynsfull og heilt nødvendig. Dei kan ivareta ein god uttransporteringspraksis og samtidig gjere det på ein ordentleg, respektfull og venleg måte.

– Nesten ei fornærming

Eide reagerer spesielt på talet på politifolk som vart nytta i aksjonen. I følgje Stord kommune møtte 30 politifolk opp til aksjonen.

- Annonse -

– Å bruke 30 politifolk i ein slik aksjon er nesten ei fornærming mot alle dei som får sakene sine henlagt av politiet som er langt meir alvorleg. Eg kjem til å jobbe med at politiet på Stord og andre stadar må prioritere på annan måte og oppføre seg som medmenneske i slike saker.

No må altså justisministeren svare om aksjonen. Petter Eide har stilt følgjande spørsmål, som statsråden er pliktig til å svare på innan seks verkedagar:

Hvilke konkrete politifaglige begrunnelser lå bak omfanget av politiets aksjon, og hvordan vurderte politiet hensynet til de psykososiale effekter i planleggingen av aksjonen?

Politiet tek ingen sjølvkritikk

Stord24 har sendt spørsmål til Politiets Utlendingseining (PU) om kritikken som kjem frå kommunen.

– Me synest det er bra at kommunen engasjerer seg i saka. Me tek kritikken på alvor og svarar sjølvklart på alle spørsmål kommunen har til oss. Det er òg viktig å understreke at alle utlendingar utan lovleg opphald i Noreg pliktar å reise heim på eige hand. Dei som ikkje reiser sjølve, veit at dei kan bli tvangsreturnerte av politiet, opplyser Svein Arne Hansen, leiar ved felles eining for retur i PU. 

PU vil likevel ikkje ta sjølvkritikk på noko av av det som Stord kommune reagerer på i brevet.

– Vår vurdering er at desse pågripingane skjedde på ein måte som var i tråd med å skape ein føreseieleg og trygg situasjon for både barna og dei vaksne i denne familien, samt andre bebuarar på mottaket, seier Hansen.

– Talet på politibetjentar var naudsynt og riktig

Politiet skriv også at det var ein sjukepleiar saman med politiet på staden, i tillegg til to politibetjentar med utvida medisinsk kompetanse, i samband med at familiefaren var alvorleg sjuk. Dei opplyser at ambulanse var òg rekvirert på førehand.

– Er det forsvarleg å sende eit 30-tals politifolk for å transportere ut ein familie med fire mindreårige barn?

– Det er grundige vurderingar som ligg til grunn for ei avgjerd om talet på politibetjentar som deltek i pågripingar. For å skape ein føreseieleg og trygg situasjon for barn, vaksne og andre bebuarar på mottaket var talet på politibetjentar som deltok ved desse pågripingane etter vår vurdering både naudsynt og riktig.

– Kvifor har ikkje politiet teke kontakt med mottakspersonell eller helsepersonell på førehand?

– Av politioperative omsyn ønskjer me ikkje å kommentere kva kontakt som eventuelt vart gjort på førehand. Vi kan likevel stadfeste at informasjon om svekka helsetilstand var noko me var kjend med på førehand. Dette var igjen eit aspekt som påverka talet på politibetjentar som var med på pågripingane.

– Riktig å la vere å varsle

– Kva slags rutinar har politiet rundt varsling av større aksjonar?

– Generelt kan vi seie at vi ønskjer å minimere risikoen for at utlendingen/utlendingane forsvinn frå ei adresse vi veit dei oppheld seg på, og då kan det ofte vere vurdert som riktig å la vere å varsle.

– Vil det bli gjennomført evaluering av aksjonen slik kommunen ber om, og vil kommunen eventuelt bli rådspurt om dette?

– Vurderinga vår er som nemnd at pågripingane skjedde på ein måte som var i tråd med å skape ein føreseieleg og trygg situasjon for både borna og dei vaksne i denne familien, samt andre bebuarar på mottaket. Men dersom kommunen har ytterlegare kommentarar eller spørsmål i denne saka tar vi sjølvsagt imot desse.

- Annonse -