Ordførar Gaute Epland vil at E39-traseen skal gå nærmare dagens trasé slik at meir av Landåsen skal bli verna.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord-Ordførar Gaute Epland (Ap) ønskjer å verne meir av Landåsen, og har teke initiativ til ein mogleg omkamp med regjeringa.

I fjor sommar fatta regjeringa vedtak om å gå inn for alternativ 4 for ny firefelts E39 over Stord, av fem ulike alternativ for korleis traseen skulle bli.

I dette alternativet vil vegen gå gjennom Landåsen utan tunnel, noko som skapte stor skuffelse blant den politiske leiinga i Stord kommune.

– Eg synest dette er veldig skuffande, då rekreasjonsområdet Landåsen vil bli kraftig forringa, uttalte varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

Men sjølv om det er over eit år sidan vedtaket vart fatta, har ingenting skjedd med planarbeidet. Årsaka til dette er at strekninga Heiane-Ådland ikkje er med på Nasjonal Transportplan. Vegvesenet har tidlegare uttalt til Stord24 at dei ikkje løyver planmidlar til vegprosjekt som ikkje ligg inne i NTP.

– Tid og rom for å sjå på ny løysing

Dette er bakgrunnen for at ordførar Gaute Epland (Ap) no har teke initiativ til eit møte med kommunalminister Monica Mæland (H), om stillstanden kan opne opp for val av ein annan trasé.

- Annonse -
- Annonse -

– Alternativet som er vedteke er eit alternativ som fleirtalet ikkje ønskjer. Argumenta då var at ein ikkje skulle legge opp til ein prosess som utset realiseringa. No ligg jo ikkje vegen inne på NTP, så då kan ein ikkje bruke det argmentet lenger, seier Epland.

– Då tenkjer eg at det er tid og rom til å sjå på ei løysing som er meir i tråd med det me ønskjer lokalt. Ei løysing som ivaretek større deler av Landåsen, samtidig som det ivaretek omsynet til økonomien.

  • Forvirra over dei ulike trasé-alternativa? Då kan du sjå denne animasjonsfilmen:

- Annonse -

I førre runde ønskte Stord-politikarane alternativ 5, men dette vert av Vegvesenet sett på som urealistisk på bakgrunn av dei auka kostnadane. Epland fortel at han no ønskjer å ta utgangspunkt i alternativ 2. Dette alternativet liknar på den vedtekne traseen, men her er vegen plassert nærare dagens E39, slik at meir av friluftsområdet i Landåsen vert verna.

– Dette er eit alternativ som i større grad følgjer dagens trasé, og oppretthalde den planlagde fartsgrensa på 110 km/t. Samtidig seier fagfolka at denne traséen ikkje vil vere noko særleg dyrare.

Liv Kari Eskeland (H) Foto: Sysla

Rosar ordføraren

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) rosar ordføraren for å ta løfte opp E39-saka.

– Det er svært bra at ein endeleg tek tak i saka igjen, og ser kva handlingsrommet er. Eg skal vere med å bidra alt eg kan for at E39 over Stord blir prioritert. Dette er ein svært farleg veg som me er nødt å finne ei god løysing på. Me må sørgje for at strekket over Stord ikkje vert ein flaskehals etter at Hordfast kjem, seier Eskeland.

Ho meiner motsegna kommunen har kome med om det vedteke alternativet hindrar at vegen blir prioritert av regjeringa.

– Det kjem ikkje til å skje nokon ting dersom vedtaket i fjor blir ståande. Det er jo dette eg har vore kritisk til, at det no er total stillstand i så lang tid etter at vedtaket vart fatta. Me mister tid og me mister fart. For når kommunen ikkje har akseptert dette blir partane ståande mot kvarandre. Eg synest difor det er veldig fornuftig av kommunen å ta initiativ for å prøve å finne ut korleis handlingsrommet er vidare no.

– Men så er eg litt spørjande til om Vegvesenet vil vere villig til å bruke meir pengar på fleire utgreiingar, men det er er jo noko eit sånt møte vil gi svar på, seier den tidlegare Stord-ordføraren.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -