Fleire tusen deltok på Fest i Vest i Sagvåg. Men ikkje alle klarte å oppføre seg. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Første helga i juli er det tid for ny festival i Sagvåg, og i år med større satsing på familiearrangement på dagtid.

Sagvåg-eldsjel Ole Johnny Almås er i full gang med arbeidet for å gjenta suksessen med Fest i Vest-festivalen frå fjor. Nytt i år er at arrangørane går breiare til verks, for å få med seg heile bydelen.

– Me har jobba heile vegen med dette og me jobbar fortsatt iherdig for å få alt klart til ein ny festival. I fjor var me ein liten gjeng på tre personar som sydde det meste i hop. Men i år ønskjer me meir tyngde for å få eit grunnlag for fleire år framover, fortel Almås.

Overskotet går tilbake til laga

For å få til dette har arrangørane no bestemt seg for å lage ei stifting, i samarbeid med Sagvåg Næringsforening, Sagvåg Kystlag, Sagvåg Bygdalag og IL Solid. Dei er også i dialog med musikklaget og skulekorpset i Sagvåg.

– Det vert ein mykje større ting med ein gong når fleire av laga og organisasjonane i Sagvåg vert med på dette.

- Annonse -
- Annonse -

– Me er avhengig av at folk er med på dugnadar, og då er det mykje enklare når me samarbeider med dei store laga. Pengane vil gå tilbake til organisasjonane dersom det vert eit overskot, seier Almås.

Frå fjorårets Fest i Vest. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Retro-stemning

Førebels vil han ikkje seie så mykje om innhaldet i årets festival, då kontraktane med artistane ikkje er heilt landa. Men han gir eit lite hint.

- Annonse -

– Det ligg an til å bli skikkeleg retro-stemning. Me skal prøve å få nokre gamle stjerner. Sjølv om me har eit veldig lågt budsjett samanlikna med veldig mange andre festivalar, så skal me absolutt få tak i noko attraktivt.

Vennebyen og helikopter

Almås kan love ein familievenleg festival, med mange tilbod på dagtid.

– Me satsar på ei ny runde med Vennebyen og så vil me leige inn helikopter. Det vert mykje meir aktivitet på dagtid i år.

Det som no er den einaste sommarfestivalen på Stord vil gå av stabelen frå 30. juni til 2. juli.

 

- Annonse -