Brua over Tinnselva ved utløpet av Fuglatjødno. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På årsmøtet i Stord-Fitjar Turlag for vel to veker sidan blei Geir Tore Søreide vald inn dugnadsnemnda i Turlaget, og den første oppgåva hans blir å sørgja for at alle bruene i fjellet er i god stand.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Geir Tore Søreide fekk frivilligprisen i Fitjar i 2018. Foto: Kjetil Rydland

Turlaget har fått på plass mange bruer i fjellet både i Stord og Fitjar opp gjennom åra. Desse bruene treng vedlikehald, og dugnadsnemnda ber publikum om hjelp.

Den nyvalde brubyggjaren fortel at dei i første omgang vil skaffa seg ein status over bruene i turnettet til Stord-Fitjar Turlag. Så vil dei laga ei prioriteringsliste over kva som må gjerast.

No vender dei seg til alle turgåarane på Stordøyo som er mykje ute og går. Geir Tore ber oss ta bilete av dei bruene me passerer og senda på mail til geir.t.soreide@haugnett.no. Han ber oss forklara kor biletet er teke, og gjerne kva me meiner bør gjerast.

- Annonse -

Men han vil gjerne ha bilete av bruene sjølv om det ikkje er noko som må fiksast. No vil dei først laga ein plan, og kjenner me Geir Tore rett, er dei snart i full gang med arbeidet.

- Annonse -
- Annonse -

Geir Tore legg ikkje skjul på at han gler seg til å ta fatt på den første jobben sin for Stord-Fitjar Turlag!

Søreide vann frivilligprisen i Fitjar kommune i fjor, for lang og tru dugnadsinnsats, mellom anna i fjellet.

Den nye brua over Tveitaelvo i Botn blei bygd i slutten av mai i fjor. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -