Gretha Rød (Ap) meiner ein må skunda seg å vedta Jektevik som nytt ferjesamband. Foto: Kvinnherad Ap/Wikimedia Commons
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ap-politikaren Gretha Rød er uroa over planane om bygging av ladestasjon på Ranavik, og vil difor at Kvinnherad kommune umiddelbart skal vedta Sunde som nytt ferjeleie for sambandet mot Stord.

Bakgrunnen er at Fjord1 i 2020 tek over ferjesambandet mellom Skjersholmane og Ranavik. Då er planen at ferjene skal bli elektriske.

Ap-politikar Gretha Rød i kommunestyret i Kvinnherad er uroa over at bygginga av ladestasjonane vil bli bygd før politikarane rekk å bestemme seg for nytt ferjesamband.

Fryktar binding

–  Ladestasjonane krev store mengder straum, og kostar nok betydelege summar å setja opp. Eg meiner det er lite framtidsretta om desse då blir sette opp på Ranavik og Skjersholmane, for det fryktar eg vil binda oss til dette sambandet i uoverskodeleg framtid, seier ho til Kvinnheringen.

Difor meiner ho at kommunen bør vedta Sunde som nytt ferjeleie allereie no. Samtidig meiner ho at ferja bør gå til Jektevik på Stord. Dette får ho ikkje støtte av hos ordførar Peder Sjo Slettebø (H).

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er ein dårleg idé. Sunde-Jektevik har like lang overfartstid som den vi har i dag. Og no som vi får elektriske ferjer er det viktigare enn nokon gong at vi får korta inn denne tida. Ikkje minst fordi ferjene må ladast, noko som etter det som er varsla vil gi færre avgangar.

Interkommunal prosess

Nyleg er det gjort vedtak i både Stord og Kvinnherad kommunar å gå i gang med ein interkommunal planprosess for å finne ei innkorting på ferjesambandet.

Frå Stord kommune er det ordførar Gaute Epland (Ap), varaordførar Jakob Bjelland (Sp) og Geir Angeltveit (V) som vil vere representantar i prosessen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -