Geir Angeltvei. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Valnemnda går inn for at Geir Angeltveit frå Stord skal få eit av dei høgste tillitsverva i Venstre i Hordaland.

I samband med fylkesårsmøtet til Hordaland Venstre har valnemnda kome fram til ei samrøystes innstilling om å nominere Stord-politikar Geir Angeltveit som ny nestleiar.

– Eg har vore i styret fire år tidlegare, så eg er godt kjend med å sitje i styret. Men eg har sakna litt å drive med meir intern politikk opp mot organisasjonen. Når dei då spurte meg om å vere villig til å bli første nestleiar så sa eg ja til dette, seier Geir Angeltveit.

Angeltveit trur det er ein fordel for Stord at lokalpolitikarane har slike verv i partia.

– Det som vil vere viktig framover for organisasjonen er å prioritere lokale politiske saker nasjonalt. Som første nestleiar får eg oftare taletid på landsmøtet, og Stord får fast representasjon i ein del av organa som diskuterer mykje nasjonal politikk, og som får innspel frå heile landet.

Frå før har Stord-politikaren politiske verv i både kommunestyret og i fylkestinget. I tillegg er han travelt oppteken med prosjektet om å starte ein folkehøgskule på Stord, samtidig som han er i full jobb på Litlabø mottak.

- Annonse -

– Får du tid til alt dette?

– No er det sånn at ein del av desse politiske verva er veldig overlappande, så det blir ikkje så mykje meirarbeid. Når eg leser sakspapir til fylket så er det ofte saker som er relevant for Hordaland og opp mot regjeringa. Eg trur det er ein veldig fordel å ha folkevald verv og å ha verv i organisasjonen samtdig.

– Eg er ein ung mann på 29 år utan ungar, og har meir enn nok energi til dette, seier Angeltveit.

Når det gjeld leiarvervet i Hordaland Venstre er vaønemnda delt. Eit mindretal ønskjer at dagens leiar Idun Bortne frå Bergen skal halde fram, og eit fleirtal ønskjer Åsta Årøen frå Bergen som leiar. Fylkesårsmøte skal haldast i midten av februar.

- Annonse -