Dagens vindpark i Midtfjellet kan bli kraftig utvida dersom Midtfjellet Vindpark AS får det som dei vil. Foto: Midtfjellet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Midtfjellet Vindkraft AS har sendt utgreiingsprogram til NVE om bygging av vindkraftverk på Grønafjellet i Fitjar. – Det blir nok diskusjonar om dette, vedgår dagleg leiar Erik Mortensen.

Selskapet har utarbeida ein førebels detaljplan for utarbeiding av turbinar, vegar og oppstillingsplassar for eit heilt nytt vindkraftområde i Grønafjellet i Fitjar.

Eksisterande veg til Midtfjellet er tenkt nytta som tilkomst til Grønafjellet vindpark. Selskapet skriv at naturinngrepa som følgje av dette blir forholdsvis mindre enn om ein skulle etablert ein frittståande vindpark.

– Det er god avstand, 1130 meter, frå vindturbin til næraste bueining. Ei førebels analyse av skyggekast og støy viser lite eller ingen utfordringar, heiter det i utgreiinga.

25 til 40 nye turbinar

Talet på vindturbinar vil ligge på mellom 25 og 40 stykk, avhengig av turbintype. Det vil kunna gi ein maksimal årleg middelsproduksjon på inntil 700 GWh. Dette svarar til årsforbruket for ca. 35.000 einebustadar.

I følgje planen vil det per dags dato vere realistisk å bruke vindturbinar med ei navhøgde på 90 til 125 meter. Rotordiameter varierar frå 110 til 160 meter.

- Annonse -
- Annonse -

Grønafjellet ligg på rundt 500-600 meter over havet.

Feltet markert i blått er eksisterande vindpark, og feltet markert i raudt er den planlagde vindparken i Grønafjellet.

Selskapet har avholdt møte med Fitjar kommune og styret i Fitjar Fjellsameige som representerar grunneigarane.

Neste steg vil vere å lage ein konsekvensutgreiing om prosjektet. Den vil så bli sendt til NVE for vidare handsaming saman med konsesjonssøknaden. Byggeperioden er rekna til 1,5 til 2 år.

- Annonse -

– For tidleg å seie noko om omfanget

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark, Erik Mortensen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Erik Mortensen seier til Stord24 at det er for tidleg å seie noko om omfanget på vindparken.

– Det veit me ikkje. Sånne detaljar er ikkje på plass på dette nivået. Dette er så langt fram i tid at det nyttar ikkje å seie noko om det i dag. Det blir i så fall berre gjetningar.

– Dette er berre ei melding, som så skal konsekvensutgreiast. Så skal det etter kvart prosjekterast. No har me ikkje noko kunnskapar om omfanget.

– Korleis stiller Fjellsameiget seg til planane?

– Dei har ikkje handsama dette. Dei har berre fått opplysningar over telefon. Me har ingen indikasjonar på korleis dei stiller seg til dette. Me har hatt eit møte med Fjellsameiget og Fitjar kommune i går og i dag.

– Er du førebudd på ein heftig debatt?

– Eg vil jo anta at det kan bli det. Men det er NVE som tek over stafettpinnen no. Men eg vil jo tru at det blir diskusjonar om dette, seier Mortensen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -