Stord kommunale eigedom skal pusse opp fasaen på "Gamlehallen" på Vikahaugane. Slik kan den bli sjåande ut. Teikning: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommunale eigedom vil bruke tiltakspakken frå regjeringa på å gi gamlehallen nytt tak og fasade.

– Me har utarbeidd eit forslag på korleis me kan shine opp den gamle hallen i samband med at alt no blir så fint der oppe i samband med den nye ungdomsskulen, seier dagleg leiar i Stord kommunale eigedom, Arne Bjelland.

Gamlehallen vart bygd i 1964 og er den eldste hallen på Vikahaugane. Difor trengs hallen uansett vedlikehaldsarbeid.

Slik ser gamlehallen ut i dag.

– Fasaden byrjar å sprekke og ser ganske dårleg ut, så det må gjerast noko med den uansett. Så i staden for å pusse og male på nytt vil me kle den med utvendige platar. Men kva type platar er ikkje heilt avklart.

I tillegg til fasadeendringa skal taket pussast opp. Innvendig skal det ikkje gjerast noko i denne omgangen.

- Annonse -

– No skal me legge arbeidet ut på anbod. Eg har ikkje akkurat summen i hovudet, men me har vel sagt at det vil koste i overkant av to millionar. Dette vil bli finansiert som ein del av tiltakspakken til regjeringa.

- Annonse -
- Annonse -

– Det kjem til å bli veldig bra når det står ferdig, seier Bjelland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -