- Annonse -

Kommunen meiner lokala i Borggata er lite tilgjengelege, og ser etter andre lokale i sentrum.

Den siste tida er det henta inn tilbod frå fleire aktørar om nye lokale for Frivilligsentralen. Årsaka til at kommunen ønskjer å flytte sentralen er at lokala i Borggata Fururum er for lite tilgjengelege og manglar areal for utstyrslager.

Kommunen at det beste alternativet for nye lokale var i Torgbakken, der GSE Sandvik er eigar.

Det har vore forsøkt å få til ei samlokalisering med Kirkens Bymisjon, men komiteen kom fram til at behova for lokalitetar var for ulike.

Det var også vurdert samlokalisering med Frisklivssentralen på Nattrutekaien, men grunna manglande midlar vert dette også lagt på is.

- Annonse -