Nina Østensjø i Stord Høgre ønskjer seg ei revitalisering av biblioteket. Foro: Atheno/Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Nina Østensjø i Stord Høgre trur ei flytting av biblioteket vil bidra til meir liv og røre i Leirvik sentrum.

– Me er overbevist om at eit bibliotek på gateplan vil lage liv og puls i eit sentrum. Det kan bli eit veldig positivt samlingspunkt.

I rundt 40 år har Stord folkebibliotek halde til i 2. etasje i kulturhuset på Leirvik. No har Stord Høgre i valprogrammet sitt bestemt å jobbe for å flytte biblioket ut av kulturhuset og til gateplan i sentrum.

– Me har ikkje landa på kor me vil ha det. Men får me ei god plassering på gateplan med vindauge ut mot gata kan dette fort bli nytt hjarte i sentrum. Får ein samlokalisert ein kafé og kanskje ein bokhandel, så kan dette bli heilt fantastisk, seier Østensjø, som er andrekandidaten til Stord Høgre til haustens val.

Urettferdig plassering

Ho meiner dagens lokalisering ikkje er føremålstenleg for den store aktiviteten som er på biblioteket i form av arrangement og føredrag.

– Biblioteket på Stord gjer ein kjempejobb. Det er utruleg høg aktivitet der oppe, med mange positive arrangement. Men dei har ein urettferdig plassering, for dei forsvinn litt og er ikkje synlege nok.

- Annonse -
- Annonse -

– Alle innbyggarane på Stord kan få ein mykje større utbytte av biblioteket viss ein synleggjer det betre. Biblioteket er jo eit tilbod for alle, om du har eit lite barn eller om du er 80 år, seier ho.

I dag må du opp ei trapp og gjennom lange korridorar for å finne inngangen til biblioteket. Det meiner Stord Høgre er lite føremålstenleg. Foto: Stord24

Østensjø meiner flytting av biblioteket også vil vere eit stort løft for å skape meir liv i Leirvik sentrum.

– Sentrum dør jo sakte men sikkert, og det er ikkje noko som er særeige for Stord. Ser ein på andre byar, så genererer det mykje liv viss ein flyttar biblioteket til eit lokale med open løysing ut mot gateplan.

Vil samlokalisere kulturskulen

Høgre-politikaren ser for seg at dagens biblioteklokale kan bli brukt for å samlokalisere kulturskulen, og flytte opp danseundervisninga som i dag føregår i Liverød-bygget i Osen.

- Annonse -

– Korleis skal de finansiere dette med den krevjande kommuneøkonomien som er i dag?

– Dette må me sjå på i budsjetta framover. Me har ikkje finansieringsmodellen klart føre oss. Men me ser at å samlokalisere kulturskulen i kulturhuset, så vil me spare ein del i leigeutgifter.

– Me trur at dette er realistisk og gjennomførbart, og me ønskjer å ta tak i det fordi det er ein veldig positiv sak, seier Østensjø.

Det er ikkje første gong nokon har teke til orde for å flytte ut biblioteket. Tidlegare Stord-ordførar Harry Herstad (Ap) tok også til orde for å vurdere flytting av biblioteket til Sparebanken Vest-bygget nedst i Borggata.

Biblioteksjef Bjørnar Withbro. Foto: Stord kommune

– Burde heilt klart vore på gateplan

Biblioteksjef ved Stord folkebibliotek Bjørnar Withbro, stiller seg ikkje avvisande til forslaget frå Stord Høgre.

– Det er positivt at dei interesserer seg for plasseringa og biblioteket si framtid, og dette kunne vore ein av fleire løysingar. Me burde jo heilt klart vore på gateplan.

Withbro er likevel ikkje heilt overbevist om at biblioteket bør flytte ut av kulturhuset.

– Eg har ikkje noko gjennomtenkt synspunkt på om flytting ut av kulturhuset er ei betre løysing. Me ligg jo også sentralt der me er i dag, i nærleiken av kjøpesenter og kino. Det viktigste er at me har framtidsretta biblioteklokale som passar til drifta av eit moderne bibliotek.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -