Sigbjørn Framnes (t.v.) i Stord Frp og Sverre Olav Svarstad i Stord Høgre. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Frp og Høgre vil kutte 1 prosent av driftsbudsjettet til kommunen gjennom effektivisering allereie neste år.

I dag er dagen komen då politikarane skal vedta neste års budsjett.

Klokka 11 i dag skal dei styrande partia halde ei pressekonferanse der dei legg fram budsjettet dei er blitt samde om.

Men opposisjonspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre har allereie sine forslag klare.

I forslaga til dei borgarlege blir mange av tenestene som rådmannen har føreslått avvikla, vidareført.

Frp: Vil ha radikale effektiviseringstiltak

Stord Frp løyver pengar til fritidsklubbane, Frisklivssentralen, MOT-prosjektet, Stord Maritiem Museum og rusbustadane i Åkervikåsen.

- Annonse -
- Annonse -

Dette skal partiet oppnå gjennom radikale effektiviseringstiltak, samt sal av alle kommunale bustadar til det offentleg eigarselskapet Stord Kommunale Eigedom AS.

Partiet meiner ein kan spare 14 millionar kroner i effektiviseringstiltak det første året, 21 millionar i 2020 og 28 millionar året etter.

–  Me ber rådmannen sjå på heile organisasjonen og vurdera reduksjon i sentralleiinga.
Dette med tanke på framtdige innsparingar utan forringa tenestetlbod for innbyggjarane.

I tillegg ber Frp rådmannen om å omregulere hamnetomta vest for flyplassen på Sørstokken frå LNF-område til havne- og næringsføremål, for så å legge arealet ut for sal på den opne marknaden. 

På investeringssida vil partiet løyve 12 millionar kroner til prosesjonsveg frå Stord kyrkje, og løye 8 millionar kroner til kjøp av midlertidig skulebygg til Nysæter ungdomsskule.

Frp vil gå for ei avvikling av Vidsteentunet når nye Sæbø Gard står ferdig.

Frp vil ikkje gå for rådmannen sitt forslag om auke i eigedomsskatt.

Høgre: Vil halde framdrifta med Nysæter u.skule

Stord Høgre kjem med tilsvarande forslag om å redde tenester gjennom omfattande effektiviseringstiltak. I likens med Frp, meiner partiet det er mogleg å effektivisere kommunen med 1 %, tilsvarande 14 millionar kroner det første året.

- Annonse -

Slik vil Høgre effektivisere:

7 million gjennom målretta bruk av LEAN
2 million kroner gjennom styrt bruk av Velferdsteknologi
2 million gjennom endringa av kommunen sin sentraladministrasjon
3 million kroner gjennom arealeffektivisering

Gjennnom desse kutta vil også Høgre redde dei fleste av tilboda som rådmannen har føreslått avvikla, i likeins med Frp.

Vidare vil partiet løyve 1 million kroner til ekstern kjøp av plankompetanse – øyremerkt til utarbeiding av strategisk næringsplan.

Partiet vil også halde opphavleg framdriftsplan når det gjeld ny Nysæter ungdomsskule.

Høgre vil også avvikle Vidsteentunet.

I likeins med Frp vil Høgre røyste i mot føreslått auke i eigedomsskatt.

Venstre: Vil kutte støtta til kyrkja

Venstre er det tredje partiet som har lagt fram alternativt budsjettframlegg. Dei vil også redde mange av dei same tenestene som rådmannen har føreslått avvikla.

Men partiet vil ikkje hente mindre pengar gjennom effektivisering, og kutt av heilt andre tenester enn det rådmannen har føreslått, samt gjennom å auke eigedomsskatten.

– Me kuttar i ein del midlar til tiltak som me vurderar som lågare prioritert enn andre tiltak, det er mellom anna Stord Kyrkjelege Fellesråd, Stord Maritime Museum, Kyrkjelydshus, Reiselivssatsing og omstrukturering av administrasjonsgruppa.

– Det er ikkje kjekke tiltak å ta av, men me har vald å prioritera skule og oppvekst og dei me har felles omsorg for fremst av alle, skriv Geir Angeltveit.

Venstre vil også avvikle Vidsteentunet, og flytte Maris og Hamna kontaktsenter til dette bygget.

- Annonse -