- Annonse -

Både store og små stilte opp på Lønning i helga for å ta del i det nye andelslandbruket, eller «lutlaget», på Stord.

Laurdag var ein god gjeng samla for å drive gardsarbeid på Lønning. Dei er blitt del av ei veksande trend i Norge, som skal gjere at ein er meir bevisst på kva ein et og kvar maten kjem frå.

Passar moderne livsstil

– Det byrja med ein idé der me hadde veldig lyst å starte opp i andelslandbruk. Me er veldig interesserte i å dyrke grønsaker, men sånn som livet ser ut er det vanskeleg å passe på plantar gjennom heile sesongen når ein reiser på ferie. Difor kom me på denne ideen, fortel Kajsa Nordström, ein av initiativtakarane bak laget.

Andelslandbruk går ut på at privatpersonar får høve til å dyrke sine eigne grønsaker på eigen parsell på eit gardsbruk. Det er ein aktivitet som er blitt meir og meir populær, og i skandinavia er interessa desidert størst i Norge.

Gruppa samarbeide tett med potetbonde Kjell Lønning, som stiller ein parsell til disposisjon.

- Annonse -
- Annonse -

– Me er godt i gang, og takka vere initiativrike kvinner så har dette blitt eit heilt andelslag, eller «lutlag» på godt norsk, som kjem til å drive dette framover. Og kanskje kjem me til å auke framover, seier Lønning.

- Annonse -

Som i gamle dagar

Han rosar andelslaget for at dei klarar å få fram litt av den gamle kjensla det var å drive landbruk i gamle dagar.

– Det sosial er noko som kan stimulere. Ein kan få nye vener og eit arbeidsfelleskap. Slik det var i gamle dagar då det var mange hender samla om dei same arbeidsoperasjonane, som gjorde at det var så uendeleg kjekt å vere i åkeren.

Andelslag starta på 1960-talet og har sidan den gong spredd seg rundt om i heile verda. Det har blitt spesielt populært i USA og Canada.

Ifølgje Økolisk Norge er det 57 andelslandbruk i Norge. Det førtste starta i Bærum i 2006.

- Annonse -