Teikningane er eit døme på korleis blokkene kan bli sjåande ut. Den store bygningen til høgre er Dampgården.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Marknaden for leiligheiter i Leirvik sentrum er enno ikkje metta, ifølgje utbyggjarane.

Det er selskapet Hebu Eiendom AS, som vil gå i gang med bygging av tre bustadblokker i Borggata, nærare bestemt ved Trudvangssmoget på andre sida av vegen ved Dampgården.

Planane har eksistert i fleire år, men opphavleg var det snakk om å byggje ein massiv bustadblokk på tomta. Det fall ikkje i god jord hos naboane, som meinte blokken ville vere for dominerande og øydeleggje utsikten.

No har utbyggjarane delt opp blokka i tre små blokker, der dei planlegg at det totalt skal vere åtte bueiningar. Innkøyringa er planlagt å gå frå Ås-sida.

Skal handsamast i september

Etter sommaren er det opp til politikarane å handsame saka.

- Annonse -

– Me har fått tilbakemelding og håpar og trur at me skal få saka opp i forvaltningsstyret i september. Då er det opp til politikarar, så då vonar me at me kan gå i gang med prosjektet, fortel styreleiar i Hebu Eiendom AS, Johannes Bunes.

Saman med Andreas Helland er han eigar i selskapet som står bak prosjektet. Bunes trur ikkje marknaden er metta for nye sentrumsnære leiligheiter på Stord, trass i tre storprosjekt som no er under bygging.

– Så lenge det er brukbar aktivitet på verftet og elles generelt sett, så ser me jo at det er ein marknad. Me har jo allerede fått ein god del førespurnadar, både frå folk som har lyst å flytte inn og frå entrepenørar.

Store leiligheiter

Leiligheitane skal vere retta mot dei som ønskjer å kvitte seg med einebustaden og flytte i leiligheit i sentrum.

– Eg vil tru at nokre av leiligheitane blir ganske store, så det vil nok vere mest aktuelt for dei som er ferdige med einebustadlivet og vil bu sentralt. Me har vurdert om det også skal vere nokre små leiligheiter som kan passe til unge, men me har ikkje heilt bestemt oss.

 – Kva tid satsar de på byggestart dersom søknaden går i gjennom?

– Me må jo ut med sal på dette, og me må jo selje ein prosentdel før me kan gå i gong. Så eg tippar det blir ein gong på nyåret, seier Bunes.

- Annonse -