Ordførarrunden: Hilde Hauglid i Stord SV svarar på kva ho vil gjere den neste kommunestyreperioden.
– Kva er dine viktigaste kampsaker for den komande kommunestyreperioden?
– Endringane i klima og miljø er vår største utfordring, òg lokalt. Å løysa desse utfordringane er avgjerande for ei god framtid for alle, overalt. Konkret vil Stord SV ivareta artsmangfald og styrkja jordvernet. Me vil leggja til rette for at innbyggjarane kan forflytta seg på miljøvenlege måtar, anten det er via kollektivtransport eller på gang- og sykkelstiar. Me vil ikkje gå inn for fleire ferjestø på Stord, og me ynskjer ein trygg E39 med to felt, midtdelar og 90 km/t.
Avgjerande for eit godt lokalsamfunn er at innbyggjarane er trygge, målretta og inkluderande barnehagar og skular. Me vil mellom anna byggja Nysæter ungdomsskule med fleirbrukshall. 25 meter basseng og klatrehall vert bygd om opsjonane opnar for dette. Ev basishall må ikkje føre til ekstra kostnad for kommunen. SV vil ha billegare SFO, auka elev- og administrasjonsressursen, byggja ny offentleg barnehage i Sagvåg- / Litlabøområdet, styrkja seksualundervisinga i skulen og kjempa aktivt mot mobbing og trakassering.
Arbeid gjev inntekt, tryggleik og samfunnsdeltaking. Me vil ha eit inkluderiande og anstendig arbeidsliv med faste heiltidsstillingar.
Innbyggjarane i Stord kommune skal ha tilgang på gode og trygge velferdstenester, uavhengig av storleiken på lommeboka. Stord SV vil arbeida aktivt mot privatisering av offentlege velferdstenester. Brukarane av velferdstenestene skal så langt det let seg gjera vera med å utforma tenestetilbodet. Stord SV vil arbeida for førebyggjande tiltak fordi dette er med på å både sikra verdighet og deltaking for den einskilde og fordi dette er samfunnsøkonomisk lønsamt.
Samfunnet har for mange ubrukte ressursar. Stord SV står for likestilling og inkludering. Makt og mogelegheiter skal vera for alle, og me vil at alle skal kunna delta på alle nivå i samfunnslivet. Me jobbar for reell inkludering og maktdeling mellom majoritetar og minoritetar og har ein aktiv intergreringspolitikk.
Folk treng ikkje berre jobb, skule og husvère. Me treng òg kulturtilbod og meiningsfull fritid. Me vil mellom anna styrkja Kulturskulen, byggja ny konsertsal i Kulturhuset, setja av 1 % av eigedomsskatten til lag og organisasjonar.
– Stord kommune skal snart vedta ny kommuneplan. Kva trur du kjem til å bli Stord sine største utfordringar dei neste 20 åra?
– Nokre av dei største utfordringane ligg nok i å byggja ein kommune for framtida med gode tilbod og tenester, gode bu- og oppvekstmiljø, arbeidsplassar og samferdsel, samstundes som ein ivaretek natur og miljø. Me må byggja ein kommune for innbyggjarane no og i framtida der me balanserer mellom behov og bærekraft. Me må redusera klimautsleppa i tråd med 2-gradersmålet, og me må sjå trafikale løysingar i samband med dette. Stord SV jobbar for eit grønt skifte på lag med industrien. Dette innber mellom anna ei satsing på grøn skipsfart og havvind.
– Stord-samfunnet står overfor mange strukturendringar, som fylkessamanslåing, ny domstolsstruktur o.l. Kva vil du gjere for at Stord held på rolla si som eit viktig regionsenter?
– Stord er sentrum i Sunnhordland. I det nye storfylket Vestland, vil det vera avgjerande for innbyggjarane i regionen vår at me tryggjar dei institusjonane me har og saman jobbar aktivt for at fleire regionale og statlege funksjonar vert lagt til Stord og Sunnhordland. SV står for desentralisering og tilgjengelege tenester der folk bur. Eit regjeringsskifte og eit sterkt SV vil motverka sentraliseringa.
– Stord har ein svært høg lånegjeld, og samtidig mange store investeringar på trappane. Kva vil du gjere for å sikre ein robust økonomi i Stord kommune i neste kommunestyreperiode?
– Nøkterne investeringar er naudsynte for å kunna handtera Stord kommune si gjeld. Me meiner det er vel så viktig å diskutera kommune økonomi i samband med Stortingsvalet. Kommunane er avhengige av større overføringar og betre velferdsordningar. Utvikling av nye arbeidsplassar basert på eksisterande kunnskap og industri må prioriterast høgt.
– Det byggast og fortettast mykje i Leirvik og ellers i kommunen, kva vil vere viktig å gjere for å sikre at byutvklinga går i rett retning?
– Utviklinga og fortettinga av Leirvik er godt i gang. Deltakinga oog synspunkt frå innbyggjarane er viktige for at dette skal lukkast. Noverande politiske fleirtal har gjort vedtak knytte til dette med å i større grad styra etter vedtekne planar. Me må kombinera næring, bustad og kollektivtrafikk, gåande, syklande og privatbilar til beste for fellesskapen.