Slik ser Fronta for seg det nye bustadprosjektet, som vil erstatte dagens Eikelandshuset. Skisse: Fronta
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fronta ønskjer å rive Eikelandshuset i Borggata, og erstatte det med ei ny blokk på fire etasjar.

Det vesle kvite huset midt i Borggata, som tidlegare husa Asiabutikken og der det dei siste åra har vore både pepperkakeby og kunstgalleri, skal no rivast.

Det er Fronta som har sikra seg eigedommen, der dei no ønskjer å bygge leilegheiter.

– Me vil no søke dispensasjon for å rive bygget. Me kjem til å gå ut med nabovarsel om ei veke eller to, og ønskjer å gå i gang med rivinga umiddelbart, fortel Fronta-sjef Kurt Arne Tyse.

Det er dette bygget som skal rivast. Foto: Google Maps

-Vil selje seg sjølv

I den planlagde blokka vil det bli parkering i kjellaren ned mot Kaisvingen, næringslokale i 1. etasje og fem leilegheiter fordelt på 2. til 4. etasje.

Tyse trur lokaliseringa og utsikten er såpass unik at det ikkje vil bli noko problem å selje leilegheitene, trass i at det no er svært mange sentrumsleilegheiter på marknaden.

- Annonse -
- Annonse -

– Her får ein sol, utsikt og alt ein kan tenkje seg. Dette må vere byens flottaste leilegheitsprosjekt. Dette kjem til å selje seg sjølv, seier Tyse.

- Annonse -

Overgang mellom gamle og nye Leirvik

Blokka er teikna av arkitekt Asgeir Damman, som også jobbar i Fronta.

– Målet vårt har vore at huset skal gli inn utan å øydelegge det flotte parkområdet nedenfor. Bygget kjem til å markere skiljet mellom gamle Leirvik i Øvre Borggata og nye Leirvik med Borggata Futurum, så tanken har vore å skape ein naturleg overgang mellom dei to delane, fortel Damman.

Fire av leilegheitane kjem til å vere 60-70 kvadratmeter store, i tillegg til ein toppleilegheit på 113 kvadratmeter.

Fronta ser for seg at næringsarelaet i 1. etasje kan passe til ein kafé, med utsikt over hamna.

Blokka vil vere på fire etasjar, pluss parkering i kjellaretasjen. Skisse: Fronta

- Annonse -