Fabrikken på Seglneset i Sagvåg har vore i drift i nesten 50 år. Foto: Apply Leirvik
- Annonse -

Investorane Jan Kåre Pedersen og Magnar Aaland har kjøpt Apply sitt anlegg på Seglneset, og ønskjer å bruke tomta til å bygge biogassanlegg.

I dag vart det kjend at Apply Leirvik legg ned prefabrikasjonsverkstaden på Seglneset i Sagvåg. 

No er det klart at det allereie er kjøparar som vil skape ny drift på Seglneset. Kjøparane er dei kjende Stord-investorane Jan Kåre Pedersen og Magnar Aaland.

– Me har enno ikkje bestemt oss kva me vil gjere med anlegget, seier Jan Kåre Pedersen i ein kommentar.

Etter det Stord24 kjenner til skal investorane ha planar om å bygge biogsassanlegg på tomta, men dette ønskjer ikkje Pedersen å stadfeste på noverande tidspunkt.

Pedersen og Aaland har har kjøpt anlegget via det nystifta selskapet Coast Holding AS som dei eig like store deler av. Bjarte Salomonsen er styreleiar i dette selskapet.

- Annonse -

Pedersen og Salomonsen er også dagleg leiar og styreleiar i Sunnhordland Naturgass AS som står for biogass-planane.

Det var i sommar at Jan Kåre Pedersen gjekk ut med planane om å bygge biogassanlegg på Stord til mellom 70 og 120 millionar kroner. Bakgrunnen for satsinga er at Pedersen og medinvestor Atle Wigum tok over SKL si naturgassatsing.

Etter det Stord24 kjenner ventar selskapet på svar på ein søknad til Enova før dei kan gå vidare med planane om biogassanlegget.

Det er Stavanger-baserte Køhlergruppen som har eigd anlegget på Seglneset.

- Annonse -