Desse bygga kan bli rivne for å gjere plass til eit nytt avlastingssenter i Sævarhagen. Foto: Google
- Annonse -

Stord kommune ønskjer å rive to av dei gamle bygga i Sævarhagen og bygge opp eit større tilbod for avlasting av born.

Stord kommune har i dag eit gammalt og lite eigna avlastingstilbod for barn og unge i Sævarhagen. Her er det berre fem plassar, noko som er alt for lite. I tillegg til bruk av private bustadar, som er dårleg økonomi for kommunen.

Dette er bakgrunnen for at kommunen no har laga ein forstudierapport for å utvide det kommunale tilbodet og bygge opp ein heilt ny institusjon for avlasting av born.

Akutt behov

– Fleire barn treng utvida tilbod, og det er behov for å auke tal på avlastingsplassar. Kommunen opplever at det kan vere behov for akutt plassering av barn, og treng difor beredskap i høve dette, skriv kommunen.

I forstudierapporten vert det vurdert tre stadar for eit slikt tilbod; Apalvegen, ved Sæbø gard og i Sævarhagen. Rapporten konkluderer med at den gamle internatskulen i Sævarhagen er det beste alternativet.

Lokala i Sævarhagen står no ledige etter å ha blitt brukt til både midlertidig base for heimebaserte tenester i Sagvåg og midlertidig barnehage då Skogatufto barnehage var under oppussing.

- Annonse -

Mange bustadar for vanskelegstilte

Byggesaksavdelinga i Stord kommune har uttalt seg i forstudierapporten, der dei vurderer at barnebustadar i Sævarhagen er i samsvar med gjeldande reguleringsplan, men dei stiller spørsmål ved nærleiken til allereie etablerte bustadar for vanskelegstilte i området.

Rapporten meiner det vil vere best å rive dei to paviljongane som i dag vert brukt til dagtilbod og avlastingstilbod, for å så bygge nytt. Bygga er frå 1964 og ber preg av dårleg vedlikehald.

Bruttoareal for det nye avlastingstilbodet kan bli om lag 1000 kvadratmeter. Senteret vil innehalde 10 avlastingsrom og fire barnebustadar, i tillegg til areal for fellesområde. Investeringa er rekna til å koste 38 millionar kroner. Av dette vil 27,6 millionar kroner bli refundert frå staten.

I dag er det 18 personar i Stord kommune som har avlasting i institusjon og 24 i private heimar.

- Annonse -