Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Ved fortetting av tilbodet til personar med utviklingshemming ved Sæbø gard vil me kunne oppnå stordriftsfordeler slik at fleire kan få tilbod for same kostnaden, meiner rådmannen.

Saka var ein av dei heite potetane under fjorårets budsjettdebatt. Motstanden var då stor då rådmannen la opp til å avvikle det kommunale dagtilbodet til vaksne med utviklingshemming på Vidsteentunet når nye Sæbø Gard er innflyttingsklar 1. april i år.

Men den politiske koalisjonen unngjekk dei store protestane, då dei under budsjetthandsaminga vedtok å utsetje nedlegginga av Vidsteentunet i påvente av ei detaljert politisk sak frå rådmannen.

Stordriftsfordeler

No er saka klar, og rådmannen står på sitt. Han rår til å legge ned dagaktivitetstilbodet for utviklingshemma på Vidsteentunet frå 1. april. Politikarane i komité for rehabilitering, helse og omsorg skal røyste over saka i slutten av januar.

– Den økonomiske situasjonen, krav om fortetting og krav om oppseiing av eksterne
leigekontraktar medfører at dette er eit tiltak som bør gjennomførast, argumenterer rådmannen.

– Ved fortetting av tilbodet til personar med utviklingshemming ved Sæbø gard vil me kunne oppnå stordriftsfordeler slik at fleire kan få tilbod for same kostnaden.

– Ikkje dramatisk flytting

- Annonse -
- Annonse -

Samtidig ønskjer rådmannen å behalde dei fire dagplassane ved Sæbøhaugen.

Han slår fast at flyttinga frå Vidsteentunet til Sæbø Gard ikkje vil vere dramatisk for dei fleste av brukarane.

– Fleire av dei som i dag er på Vidsteentunet skulle etter planen flytte til Sæbø gard når
nybygget var ferdig, mens Vidsteentunet skulle vera eit tilbod for eldre personar med
utviklingshemming. Gjennomføring av flytting vert difor ikkje dramatisk for dei fleste og er
mogeleg å gjennomføre innan 1. april.

Dagaktivitetstilbodet for utviklingshemma på Vidsteentunet er føreslått lagt ned. Foto: Stord kommune

Men motstanden mot nedlegging av Vidsteentunet er stor blant brukargruppene. I november i fjor åtvara leiarane for foreningane «Vidsteentunet ve og vel» og «Venner av Sæbø gard» mot å avvikle tilbodet.

Det blir vanskeleg å ta omsyn til brukarar med behov for særskild tilrettelegging, dersom alle skal samlast i det nye bygget på Sæbø gard. For enkelte kan det innebere uro, stress, auka konfliktar og risiko for utagerande åtferd, med dei uheldige konsekvensande det igjen kan få for andre, skreiv dei.

Uroa over for få plassar

Seinast i førre veke åtvara plasstillitsvalt Gunn-Marit Birkeland i eit innlegg i Sunnhordland mot nedlegging av Vidsteentunet. Birkeland meiner det allereie snart er fleire brukarar med vedtak om dagaktivitetstilbod (34) enn kva som er kapasiteten ved Sæbø gard (32) og Sæbøhaugen (4). I tillegg viser ho til at det er venta 15 nye søkjarar dei neste sju åra.

- Annonse -

Rådmannen meiner dette kan løysast ved at nokre av dei 15 nye ungdommane kan vere aktuelle for VTA-plass på Podlen verkstad, eller aktuelle for einskildarbeidsplassar i kommunal eller privat regi. Han peiker også på at tre-fire brukarar ved Sæbø gard truleg vil slutte grunna høg alder.

Samtidig er rådmannen klar på at ein for høg fortetting av utviklingshemma på Sæbø gard også har sine utfordringar.

– Ein viss fare med for stor fortetting er at det kan føra til auka utagering og sjølvskading. Dette er noko me lyt ta omsyn til når me vurderer korleis dei ulike husa på Sæbø skal nyttast.

Sæbø gard er innflyttingsklar 1. april. Skisse: JK Arkitekter

Hamna kontaktsenter kan ta over lokala

Men rådmannen har ikkje planar om å la bygget stå tomt særleg lenge. I samband med utbyggingsplanane i Borggata Futurum, er det kome signalar at Hamna kontaktsenter kan bli kasta ut av lokala.

– Det er kome signal frå utleigar at flytting grunna ombygging kan verta aktuelt. Det må likevel understerkast at dette ikkje er avklart enno.

Hamna er eit tilbod frå Stord kommune for alle som har eller har hatt psykiske vanskar.

Held seg innanfor testamentet

Rådmannen har dermed funne ei finurleg løysing som gjer at framtidig bruk av Vidsteentunet ikkje vert eit bråt på testamentet. Tomta som Vidsteentunet ligg på vart nemleg i sin tid gitt til Stord kommune til sjukehus. I testamentet står det at:

«Eiendommen eller nogen del av samme skal aldrig kunne selges eller benyttes til andet øiemed end det ovennævente.»

– Det beste alternativet til vidare bruk av Vidsteentunet er at Hamna kontaktsenter får nytte bygget. Dette vil krevja mindre tilpassing av lokaler og vil ikkje endre funksjonen bygget har i dag (dagsenter for personar med funksjonsvanskar). Ei slik endring skulle såleis ikkje vera i konflikt med testament-klausulen.

- Annonse -