Foto: Fitjarposten
- Annonse -

Fitjar Høgre meiner tida er moden for at ein i Fitjar tar den politiske debatten.

Av: Fitjar Høgre

Fitjar Høgre er uroa for det me i Sunnhordland opplever som ein sterkt svekka posisjon i nye Vestland fylke.

For oss i Fitjar Høgre gjeld ikkje dette berre saka om E39, NTP-prioriteringar og Hordfast, der me sjølvsagt er skuffa over fleirtalskoalisjonen i Vestland og det me oppfattar som ein særs lite gunstig omkamp om traseval. Ei utsetjing av Hordfast, det viktigaste prosjektet for ei god utvikling av Sunnhordland og Vestlandet er det siste me treng no.

For mange fitjabuar er kampen for Fitjar vgs og dei mange gjentatte forsøk på leggja ned skulen det einaste ein forbind med Hordaland, og no Vestland fylke. Fitjar vgs er ein av berebjelkane i Fitjar bygda og heilt avgjerande for den framtidige utviklinga vår.

Trekantsambandet og dei moglegheiter det har gitt oss i Sunnhordland gjennom mange år, har gjort noko med oss. Haugalandet og Rogaland er komne mykje nærmare. Ein kan bl.a. nemna Helse Fonna, Politireforma og Høgskulen. Me blir naturleg trekt mot sør og aktiviteten mot Bergen avtar.

- Annonse -

Fitjar Høgre meiner tida er moden for at ein i Fitjar tar den politiske debatten, som me og ser er høgaktuell i fleire av kommunane rundt oss, om me framleis skal vera i Vestland eller om ei overflytting til Rogaland er ei betre løysing for framtida.

Me ber ordførar ta dette opp på den politiske agendaen, utgreie fordelar og ulemper for deretter å ta dei politiske drøftingane i kommunestyret, slik at ein kan ha eit godt grunnlag for å gjera rette val for framtida.

- Annonse -
Forrige artikkelPessimisme pregar Vestlandsindeksen: – Eit tankekors for ein liten og open økonomi
Neste artikkel– Eg var frisk før fedmeoperasjonen og vart sengeliggjande etterpå