Foto: Pixabay
- Annonse -

Me har eit mål om å gjere leseopplevinga på Stord24 så saumlaus som mogleg. Men først er me nødt å be deg gå gjennom desse stega.

Kjære lesar. Me set svært stor pris på alle dykk som har teikna abonnement hos Stord24 sidan me innførte ordninga ved årsskiftet. Det har vore eit svært viktig bidrag for å gjere Stord24 til eit berekraftig mediehus. No har me tilsett ein ny journalist, og ser fram til å gi deg eit endå betre nyheitstilbod.

Så er det ikkje til å kome utanom at ei bedrift i ein oppstartsfase opplever litt knirk i systema. Me har diverre slite med ein del tekniske utfordringar knytt til innloggingsløysinga vår den siste tida. Dette beklagar me på det sterkaste.

Dei tekniske utfordringane har å gjere med at me valde å legge om betalingsmodellen vår, frå eit oppleggg der lesaren sjølv kunne velje kor mykje ein vil betale, til ein tradisjonell modell med ein fast månadspris på 99 kroner. Grunnen til at me har gjort desse endringane er i hovudsak at me skal søkje om pressestøtte til neste år, som er ei av dei store fordelane ved å vere ei abonnentsavis. Ei valfri betalingsløysing var ikkje godkjent for å få løyva denne støtta.

Alle som har teikna abonnement hos oss frå før vert ikkje automatisk flytta over i den nye planen. Det skuldast tryggleiken din som forbrukar – du må sjølv godkjenne at du vil fortsette å vere abonnent ho oss.

- Annonse -

Det betyr at du må nødt å oppgradere abonnementet ditt når betalingsplanen din går ut.

- Annonse -
- Annonse -

Det er fort gjort, og tek ikkje meir enn eit minutt. Slik gjer du det:

  1. Logg inn med din brukar-ID, dersom du ikkje allereie er automatisk logga inn
  2. Klikk deg inn på to tilfeldige artiklar (den første er gratis for alle), til du får opp følgjande melding:
  3. Klikk oppgrader, og legg inn betalingsinformasjonen din på nytt. Det oppgraderte abonnementet ditt vil erstatte det gamle – du treng difor ikkje vere bekymra for om du blir trekt dobbelt.

Me takkar for tålmodet, og beklagar igjen for bryet ditt. Takk for at du framleis støttar oss!

- Annonse -