Geir Angeltveit. Foto: Stord Venstre
- Annonse -

Debatt: Geir Angeltveit meiner Katrin Ankervold har kome med feilaktige påstandar om folkehøgskulen.

Av: Geir Angeltveit,
dagleg leiar i Stord Folkehøgskule

I formannskapet onsdag fremsatte Katrin Ankervold (Uavhengig) ei rekke påstander. På Facebook har representant Fredrik Litleskare (H) løfta eit feilaktig inntrykk.

Ankervold uttaler at utdanning av ungdom over 10. trinn er lagt til fylkeskommunalt nivå. Stord FHS tar inn myndige elever over 18, ikkje ungdom. Folkehøgskule er eit eige skuleslag, under statleg lovverk – ikkje fylket.

Ankervold seier at privatskular er med på å presse tilbodet i vidaregåande skule i fylket. Folkehøgskular er verken privatskular eller eit alternativ til VGS. Ankervold seier at det er viktig å verne om linjer ved Stord VGS. Me er inga trussel mot linjene ved Stord VGS. Ikkje litt eingong.

Ankervold seier at eit medeigarskap i Stord FHS vil medføra behov for kommunale midlar til drift. Det er ikkje korrekt. Folkehøgskular er finansiert over statsbudsjettet og ved elevbetaling.

- Annonse -

Ankervold påstår folkehøgskulane i regionen slit med å fylla opp plassane. Det er ikkje korrekt. Sunnhordland FHS på Halsnøy er full, med ventelister. Bømlo FHS har vore omtrent full kvart år dei siste åra. I tillegg er Stord FHS ein ulik skule frå desse to, med ulikt elevtilfang.

Ankervold seier det er eit ‘marknad som er sterkt pressa’? Folkehøgskular opplever rekordhøge og aukande søkartal, med kring 12% av eit årskull – derav den nasjonale storsatsinga frå staten.

Ankervold kan gjerne vere usamd i lokaliseringa. Av 84 skular, er det omtrent 5 som er urbane. Dei har andre utfordringar enn dei landlege. Det skal me klare å handtere me også.

På nett skriv Litleskare at folkehøgskular er privat verksemd. Nei. Folkehøgskular er eit eige konsept, med alle mogelege eigarar frå KFUM-KFUK, Indremisjonen, Fagforbundet, LO, fylker og kommunar, idrettslag osb. Med statlege driftsmidlar, elevstipend, og tydeleg lovverk som regulerer drifta samt forbyr utbytte. Stord kommune er invitert som medeigar for å vere med i utviklinga, tilrettelegginga og administreringa av tildelte statlege midlar.

I dei tre åra me har heldt på med prosjektet har me ved fleire høve invitert politikarar frå alle parti inn til orientering og drøfting – noko nær alle har deltatt på, eller tatt initiativ til sjølv. Det er synd at det aldri har høva seg for representant Ankervold og Litleskare å delta. Og det er synd at ein går rundt og spreier feil om eit prosjekt eller skuleslag ein enda ikkje har hatt høve til å gjere seg tilkjenne.

Eg vonar representantane tek kontakt og får ein god gjennomgang av prosjektet.

Me gleder oss sjølvsagt over at 8 av 9 i formannsskapet var svært positive til folkehøgskulen, og heile 7 av 9 røysta for å bli med i skulen – og hadde håpt det kom fram i media.