Jan Fredrik Meling (Eidesvik), Hans Petter Nesse (Wärtsilä), Hege Økland (NCE Maritime CleanTech), Bernt Skeie (Prototech) og Frida Monstad (Equinor). Foto: MARIUS KNUTSEN / NCE MARITIME CLEANTECH
- Annonse -

EU har tildelt 100 millionar kroner til eit maritimt EU-prosjekt som skal installere ei ammoniakkdrivne brenselcelle om bord i Eidesvik-skipet «Viking Energy».

– Prosjektet skal sørgje for at offshorefartøyet «Viking Energy», som er eigd og drive av Eidesvik og går på kontrakt for Equinor, får ettermontert ei stor 2 MW brenselcelle driven av grøn ammoniakk, skriv NCE Maritime CleanTech i ei pressemelding.

Den norske gjødselgiganten Yara skal levera grøn ammoniakk til prosjektet, som vil bli produsert ved elektrolyse og levert til «Viking Energy» i containerar for enkel og trygg tanking.

Prosjektet har fått namnet ShipFC, og blir drive av eit konsortium av 14 europeiske selskap og institusjonar og som blir koordinert av NCE Maritime CleanTech på Stord, er tildelt økonomisk støtte frå EU.

Støtta vert kanalisert gjennom utviklingsprogrammet Fuel Cells and Hydrogen Joint Undertaking, som er ein del av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horizon 2020.

Vil mogleggjere lengre seglasar

Det nye energisystemet vil gjere det mogleg for skipet å segla på reint drivstoff i opptil 3000 timer årleg. Prosjektet vil dermed demonstrere at lengre seglasar med nullutslepp er mogleg for større skip med stort kraftbehov.

- Annonse -

Nyvinninga vil bli testa ut ved katapultsenteret på Stord.

– Sjølve brenselcella blir først testa på land i eit parallelt prosjekt. Testinga vil bli utført ved katapult-senteret Sustainable Energy på Stord.

Ammoniakksystemet om bord i «Viking Energy» vil bli levert av Wärtsilä, og systemet skal installerast i slutten av 2023.

Viking Energy. Foto: Eidesvik Offshore

– Skipet er ei milestein i omstillinga av skipsfarten

Det er ikkje første gong at «Viking Energy» er sentral i pionerprosjeket innan grøn skips skipsteknologi. I 2003 blei skipet verdas første offshorefartøy med LNG-drift. Eidesvik, Equinor og Wärtsilä har sidan dette samarbeida tett om nye teknologiske nyvinningar.

– Gjennom installasjonen av brenselceller og marine batteri om bord, er skipet sett på som ein milestein i omstillinga av skipsfarten, opplyser NCE Maritime CleanTech.

Administrerande direktør i Eidesvik Offshore, Jan Fredrik Meling, er stolt over å vere med på å ta eit nytt steg inn i ei utsleppsfri framtid.

– Prosjektet med å installera ei ammoniakkdrivne brenselcelle vil hjelpe oss med å halde fram med reisa mot ei utsleppsfri framtid, og det vil bidra til å oppretthalda konkurransekrafta vår, seier Meling.

Klyngesjef i NCE Maritime Cleantech, Hege Økland, seier teknologien representerer eit stort steg i å dekarbonisere skipsnæringa. 

– I arbeidet for å nå desse måla, ser me at interessa for nye drivstoff som ammoniakk og hydrogen aukar. Ammoniakk er ei energikjelde som finst i rikt monn og som lett kan lagast av fornybare ressursar, noko som gjer det til eitt av drivstoffa som sannsynlegvis vil dekkje ein del av shippingnæringa sitt framtidige energibehov, seier Økland.