- Annonse -

Debatt: Det er svært mykje me kan gjera for å skapa ein grønare, kjekkare og meir ansvarleg kommune. 

Av: Geir Angeltveit,
Ordførarkandidat, Stord Venstre

Vårt nærmiljø er vårt ansvar. Verken Brüssel, Oslo eller Washington kan gjer så mykje for reint vatn, rein matjord og trygg sjømat, eller lokale klimagass- og miljøutslepp som det me sjølv står ansvarlege for.

Me må overvinna press på å bygga ned ubebygd natur, og følgja ungdomens og det folkelega kravet om reduserte utslepp som endrar klimaet dramatisk og forsøplar jordmonn og sjø med plast og anna grums. Stadige utslepp som me kan gjera noko med om me vel å ta tak i det.

Stord kommune har ein klima- og miljøplan som stammar frå 2008, då førre koallisjon styrte med Liv Kari Eskeland som ordførar og med Venstre i posisjon. Planen er meir enn moden for oppdatering.

Det er svært mykje me kan gjera for å skapa ein grønare, kjekkare og meir ansvarleg kommune. Reell klima- og miljøansvar krev handlekraftige lokalpolitikarar

- Annonse -

Venstre vil ha full stopp i nylegging av forureiande kunstgrasbanar, me vil ha miljøkrav til innkjøp og anleggsdrift. Me vil elektrifisera bilparken til kommunen, fjerna eingongsplasten, og trygge gang- og sykkelvegar for skuleborn til alle skular. Ikkje minst nytta SIM som ambassadør til å framelska berekraftsverdiar i Sunnhordland, og støtta utviklinga av meir delings- og sirkulærøkonomi. I videoen over presenterar me nokre fleire miljøtiltak for å ta vare på dyrelivet, og stogga vår eiga forureining.

Det har aldri mangla på tiltak. Venstre vil ta miljøansvar også etter valkampen, slik me har vist dei siste fira åra at me gjer. Ønsker du ein miljøpolitikk med trufaste ambisjonar så må du stemma Venstre.

- Annonse -