Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H). Foto: Cecilie V. Jensen
- Annonse -

DEBATT: Så lenge Høgre sit med makta kan Sp sove trygt i forhold til at det ikkje vil bli ei sniknedlegging av tingrettar, heller ikkje i Sunnhordland.

Av: Liv Kari Eskeland,
Stotingsrepresentant, Høgre

Det går føre seg ein aktiv og engasjert debatt om tingrettar over heile landet no som Stortinget er i ferd med å handsame proposisjonen om ny tingrettsstruktur. Sp har gått høgt på bana i denne saka med noko som verkar å vera eit bevisst mål om å skape utryggheit hjå innbyggarane for kva som ligg i den nye strukturen.

Det er ikkje vanskeleg å forstå engasjementet for dei lokale tingrettane våre. Dette gjeld også for tingretten i Sunnhordland.  Eg har sjølv følgt Sunnhordland tingrett over mange år, heilt frå mi tid som ordførar og fram til i dag, og argumentert for å oppretthalda denne.

Tingrettane er viktige kompetansemiljø som gjev ringverknader lokalt. Det handlar om Stord si rolle som regionsenter, med ei breidde i arbeidsmarknaden som kan sikre rekruttering til andre viktige samfunnsinstitusjonar og til næringslivet. Her speler statlege kompetansearbeidsplassar ei nøkkelrolle.

Dei fleste ser samtidig det generelle behovet som tingrettane våre skal stette. Her er det viktig å ta inn over seg det Domstolskommisjonen og Riksrevisjonen har peika på, og som gjer at vi no har saka om restrukturering til vurdering; det må bli kortare sakshandsamingstid, færre fristbrot og auka fleksibilitet i fordeling av saker, vi treng betre kapasitetsutnytting for å nemne noko av det som er kome fram i dette arbeidet.

- Annonse -

Domstolskommisjonen var dei som vart bedne om å kome med framlegg til korleis vi kunne kome denne kritikken i møte, og betre kvaliteten og auke fleksibiliteten. Deira framlegg, som kom i oktober 2019, ville ha fått den konsekvensen at 2/3 alle tingrettar landet over ville bli fysisk nedlagt. Dette var sjølvsagt heilt uakseptabelt for Høgre, noko vi sidan har jobba aktivt for å unngå.

Difor er kompromisset regjeringa no har lagt fram for Stortinget at alle dei 60 rettsstadene fordelte på 23 tingrettar vert oppretthaldt. Det regjeringa no foreslår er å utvide rettskretsane slik at sakene enklare kan fordelast mellom domstolane innanfor den enkelte kretsen. Det blir ikkje lagt opp til nedleggingar av nokon domstolar eller jordskifterettar. Målet er tvert imot å auke aktiviteten i kvar enkelt domstol. Dette er god distriktspolitikk, framfor å la distriktsdomstolane halde fram med å drive som i dag med ledig kapasitet. Det er også fornuftig at det blir færre domstolsleiarar mot at mange av leiarstillingane blir reine dommarstillingar. Dette betyr mindre administrasjon og meir dømmande årsverk.

Vi opplever i denne saka at der Sp er opptatt av semantikk, er vi i Høgre opptatt av innhald i tenestene og at kvaliteten for brukarane skal vera optimal, samstundes som vi ønsker å utnytte ressursane vi har best mogleg. Høgre har jobba for at alle rettsstadene i regionen skal haldast oppe. Ikkje berre som eit lokale med nærvær av ein dommar når ei sak går for retten, men der det er permanente fagmiljø.

Det andre springande punktet i saka er i kva grad Domstolsadministrasjonen skal ha myndigheit til å vedta framtidig struktur på rettsstader. Ein slik autonomi er det ikkje aktuelt å gje, tvert om vil det vere ein føresetnad for Høgre at eventuelle framtidige endringar skal vere gjenstand for politisk avgjerd. Og det er mellom anna her eg vert utfordra i lesarinnlegget frå Sp.

Så ja, så lenge Høgre sit med makta kan Sp sove trygt i forhold til at det ikkje vil bli ei sniknedlegging av tingrettar, heller ikkje i Sunnhordland.

Saka er enno ikkje ferdig forhandla, men eg kan forsikre alle Sunnhordlendingar om at eg, som ombod for regionen, er pådrivar for å ta vare på domstolsmiljøet i Sunnhordland, og sikre føreseielegheit og nærvær av den dømande statsmakta i Stord.

Så ser eg med spaning fram til Senterpartiets budsjettframlegg for 2021, der vil vi få sjå om dei legg pengar på bordet til statlege verksemder som domstolane, eller om dei vil halde fram med å kutte i statlege distriktsarbeidsplassar slik dei gjorde i då dei la fram budsjettet for 2020.