Kjellbjørg Lunde (SV) meiner Stordpakken er heit naudsynt for å få prioritert gang- og sykkelvegar på Stord.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Den einast realistiske måten å sikre trygge og framtidsretta måtar for ungane våre er å vedta Stordpakken, skriv Kjellbjørg Lunde.

Av: Kjellbjørg Lunde,
kommunestyrerepresentant, SV

Den einast realistiske måten å sikre trygge og framtidsretta måtar for ungane våre, spesielt, å kunne ta seg fram til skule og fritidsaktiviteter, er å vedta «Stordpakken».

Finansieringsmodellen er slik regjeringa og Stortingsfleirtalet har bestemt skal leggast til grunn, for å få statlige og fylkeskommunale midlar. SV har foreslått vegprising i årevis, og no er det fleirtal i Stortinget for å få dette utgreidd. Men det vil ta år og dag!

Kommunestyret har gjort fleire vedtak om «Stordpakken», og planleggarane har arbeida i årevis for å lage eit godt og realiserbart forslag, inkludert gjennomslag for forslag som gir lågare bompengar enn det er dei fleste andre stader, i lågaste gruppe, mellom 10 og 20 kroner, nærmare 10 enn 20 viser underlagsberekningane, med tak for maks utgift pr. mnd.

Vi køyrer alt for mykje privatbil, og bussene går tilnærma tomme rundt på øya. Ungar blir køyrde til det meste, foreldre og besteforeldre er i ein evig skyssmodus. Ikkje bra for utvikling av gode haldningar ,vanar og for folkehelsa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Klimautfordringane krev åtferdsendring, det gjeld også oss – her vi lever. Dei fleste av oss kan køyre mindre bil, og vi har råd til å betale bompengane om vi vil halde fram med den unødvendige bilkøyringa.

Som med alt anna er det «dyrast» for dei som har dei lågaste inntektene, dei «fattige» har ikkje bil. SV har ein fordelingspolitikk som ville gitt større økonomisk likskap, så det er ikkje vår politikk, heller ikkje på samferdslesida, som gjer at vi må finansiere heilt naudsynte tiltak som trygge og miljøvenlege utbyggingar med eigenandel, som bompengar.

Men når eit fleirtal i Stortinget bestemmer korleis dette skal betalast, har vi ikkje noko val, om vi vil ha trygge, miljøvenlege og framtidsretta løysingar. Og det vil vi vel?

- Annonse -