Fredrik Litleskare (H) er leiar i Stord Høgre. Foto: Høgre
- Annonse -

DEBATT: Tvert imot har ein framsnakka seglforening i media med kor viktig rolle dei har med sine aktivitetar for barn og unge.

Av: Fredrik Litleskare,
lokallagsleiar i Stord Høgre

I Stord24 den 10. mars stiller Edgar Damås, AP eit spørsmål med omsyn til at Bjelland frontar saka for Høgre om Seilforeninga. Han hevdar at det er «uryddig» i forhold til at Bjelland også er styreformann i Eldøyane Sjøsportsenter (ESS). Det treng litt oppklaring.

Gjennom sine mange års erfaring i å drifte båthamner, har Bjelland opparbeida seg ein betydeleg kompetanse innan faget. For Høgre er dette ein viktig kompetanse å støtte seg på når det gjeld hamne-saker.

Sidan Bjelland gjennom sin rolle som styreleiar for i ESS også er kjend politisk gild i saka om seglforeininga, var det naturleg for oss å nytta hans kompetanse i saka. Difor vart det til at han fronta saka.

Så stiller Damås spørsmål om kvifor Høgre ikkje lytta til Hamnesjefen i REN-saka på Eldøyane. Til det er det berre å svara at det vart også gjort (som Hamnesjefen sikkert kan bekrefta). I ein kommentar i Bladet Sunnhordland den 24. november 2021 sier han sågar at reguleringsendringa «kan ha uheldige konsekvensar for vidare drift av hamna». Han støtta seg sjølvsagt – som vi også gjorde til innspel frå andre aktørar i nærområdet. Det er alltid viktig å lytta til alle involverte partar når ein skal gjera opp si meining i ei sak.

- Annonse -

Men når det er sagt, så kan ikkje dei to sakene samanliknast. Saka om REN på Eldøyane handlar om næringsutvikling på Eldøyane, der REN sitt ønske om lagerhall vil leggja store avgrensingar i drift (framtidige prosjekt) og utvikling til andre aktørar i området. Aktørar som vi lytta til. Det handlar om tilgang til kommunal kai. Arealet som det var snakk om, var kommunalt, og forvalta av Stord Hamnevesen.

I dialog med Hamnesjefen gav vi utrykk for at vi ville gå imot et eventuelt sal med same grunngjeving som nemnt over. Vi foreslo at partane saman med kommunen gjekk i dialog for å finne ei løysing som kunne innfria alle partar sitt behov, og ikkje minst til det beste for innbyggjarane i kommunen. Opsjonen om tilleggsareal i avtalen, meinte Stord Høgre kunne innfriast med eit alternativ areal.

Til sist legg Damås fram skuldingar om at Høgre «snakkar ned seglforeninga». Det har vi sjølvsagt ikkje gjort. Tvert imot har ein framsnakka seglforening i media med kor viktig rolle dei har med sine aktivitetar for barn og unge (lesarinnlegg 10/2-22, sitat: «Korkje Eldøyane Sjøsportsenter eller Høgre har til hensikt å skapa vanskar for Stord Seilforening. Dei utfører eit viktig arbeid i samfunnet med si opplæring av barn og unge innan tryggleik på sjø. Sjølv om me på Stord i fleire år har hatt fastlandsforbindelse via tunell, bur me fortsatt på ei øy. Difor er – og har, sjøen vore eit naturleg element for mange på Stord – anten ein driv med sjøsport, fritidsfiske eller på andre måtar ferdast på sjøen.»).

Vi kjem nok ikkje til å væra samde med AP når det gjeld Seglforeining-saka – ei heller i REN-saka. Begge sakene syner politisk skilje mellom dei to partia. Det respekterar vi, og slik verkar demokratiet.

For Høgre er det viktig at dei politiske vedtaka som vert gjort, er til det beste for lokalsamfunnet. Enten det gjeld næringsliv eller innbyggjarane. Stord Hamnevesen er eit viktig instrument for lokalsamfunnet. Enten vi som innbyggjarar nyt godt av inntekta, eller at næringslivet har tilgang på fasilitetar som kaiareal eller lagerplass.

Så skal vi sjølvsagt understøtta og heia på lag og organisasjonar – som gjennom frivillig arbeid bidreg til ei sunn opplæring av våre barn og unge, eller med frivillig arbeid for dei gamle eller sjuke. Dei er mange, og dei fortenar alle ros for sitt arbeid.

- Annonse -
Forrige artikkel19-åring køyrde dobbelt så fort som han hadde lov til. Slik blei reaksjonen frå tingretten
Neste artikkelBømlafjordtunnelen vart stengt etter uhell