Willie Wågen er prosjektleiar for det nyoppretta katapult-senteret Sustainable Energy norsk katapult-senter. Foto: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Norsk Katapultsenter på Heiane har funne ein nisje dei ønskjer å satse vidare på.

Det nasjonale Katapultsenteret på Stord starta opp i fjor haust, og har berekraftig energi som si hovudoppgåve.

No vil senteret satse på utviklinga av syntetisk drivstoff.

– Me ønskjer å få opp eit blandesenter for syntetisk drivstoff med innblanding av grøn hydrogen, for å svare opp framtida sitt krav til reduksjon av CO2-utslepp i maritim sektor, seier dagleg leiar Willie Wågen til Skipsrevyen.

Han seier at målet med satsinga er å utvikle framtida sine drivstoffløysingar,

– Føremålet med eit slikt senter er både testing og utvikling av nye drivstoff, sier Wågen.

- Annonse -
- Annonse -

No jaktar katapultsenteret på aktuelle partnarar.

- Annonse -

– Me er på jakt etter partnararar som ønskjer å vere med på denne reisa, aller helst nokon som vil og kan gass, seier Wågen til nettstaden.

Syntetisk diesel kan bli laga av blant anna kol, naturgass, trevirke, mais, søppel eller kloakkslam, og har lågare partikkel- og NOx-utslepp enn diesel laget av råolje.

Det er spådd at innfasing av syntetisk diesel blir ei viktig brikke for å redusere CO2-utsleppa frå fossilt brennstoff i maritim sektor.

– Syntetisk diesel har like gode kvalitetar som fossilt brennstoff, sjølv om den er produsert av biomasse. Bruk av biomasse gir ein stor miljøvinst, og den er tilnærma klimanøytral, seier Arnstein Andreassen, i Bergens-verksemda Bostek.

Både bilprodusenten Audi og it-milliardæren Bill Gates er blant dei som satser på syntetisk drivstoff globalt.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -