Frp-politikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane ønskjer å redusere makta til fylkesmannen. Foto: Frp
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Partiet meiner Biltema-saka på Stord er eit døme på at fylkesmannen har utspelt si rolle, og vil redusere makta hans som ein del av regionreformen.

Vestland FrP vedtok på sitt første ordinære styremøte å sende eit tydeleg signal om forventningane til eigen regjering når det kjem til fordeling av nye oppgåver.

– Me forventar at fylkesmannen får redusert mynde og reduserte oppgåver. Vestland FrP viser i denne samanhengen til problemstillinga rundt relokaliseringa av Biltema på Stord, seier nestleiar i Vestland Frp, Sigbjørn Framnes.

– I denne saka køyrer fylkesmannen ein omkamp som verkar som trenering av politiske vedtak lokalt og på fylkesnivå.

- Annonse -

Partiet meiner dette er eit godt døme på kvifor makta frå fylkesmannen må flyttast.

– Dette er eit praktdøme på kvifor fleire av dagens gjeremål for fylkesmannen må flyttast til folkevalde organ. Fylkesmannen har i fleire saker bevist at han er til hinder for utvikling i tråd med det innbyggjarane og lokale politikarar ønskjer.

- Annonse -