Kommunestyret på Stord. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Det nye kommunestyret valde verv og posisjonar under det konstituerande møtet i går.

– Velkomen spesielt til de nye i kommunestyret. Eg ser fram til å samarbeide med dykk i den neste fireårsperioden, sa ordførar Gaute Epland på det første møtet i det nye kommunestyret.

Torsdag var det ingen politiske saker på agendaen for dei nyvalde politikarane. No var det posisjonar og verv som skulle fordelast.

Når det gjeld den viktigste komiteen, nemleg formannskapet, vert det klart at SV får ein av plassane. Geir Angeltveit i Venstre må derimot erkjenne at partiet hans ikkje lenger vert representert.

Framstegspartiet får to av plassane i formannskapet, medan Høgre må klare seg med éin plass.

Ser ein på kven som får best uttelling i dei ulike komiteane samanlikna med valresultatet, er dette utvilsamt KrF. Partiet, som fekk 6,9 prosent av røystene ved valet og to mandat i kommunestyret, får plass i formannskapet, to plassar i Oppvekst og kultur-komiteen, ein plass i rho-komiteen og ein plass i Plan- og utviklingkomiteen. Til saman fem plassar.

- Annonse -

Til samanlikning får SV, som hadde ein oppslutnad på 6 prosent, berre to innvalde medlemmer i dei same utvala. Det kan forklarast med at SV etter valet valde å gå ut av koalisjonen som no består av Ap, KrF og Sp.

Her kan du sjå kven som blei valt til medlem i dei ulike utvala og komiteane:

Formannskapet:

Gaute Epland (Ap)
Katrin Ankervold (Ap)
Jakob Bjelland (Sp)
Nancy Aasheim (Sp)
Torbjørn Brosvik (KrF)
Hilde Haugland (SV)
Sigbjørn Framnes (Frp)
Marta Tveita Djuvsland (Frp)
Øyvind Kyvik (H)

Oppvekst og kultur:

Britt Nelly Barane (Ap)
Arnfinn Saue (Ap)
Bente Bjelland (Ap)
Silje Vatna (Sp)
Kjetil Eldøy (KrF)
Torbjørn Brosvik (KrF)
John Tonnessen (MDG)
Nina Østensjø (H)
Per Audun Halleraker (H)
Linda Grundtvig (Frp)
Geir Angeltveit (V)

Leiar blir Torbjørn Brosvik (KrF) og nestleiar blir Britt Nelly Barane (Ap)

Utval for plan og utvikling (erstattar mellom anna forvaltningsstyret):

Edgar Damås (Ap)
Marit Tislevoll Odland (Ap)
Tore Hatlevik (Ap)
Jakob Bjelland (Sp)
Stig Kjoberg Almås (Sp)
Britt Kristin Ladehaug (KrF)
Anna Sofia Valvatne (SV)
Reinert Svanberg (Frp)
Mariann Tveita (Frp)
Inger Lothe (H)
Magne Bjellland (H)

Leiar blir Jakob Bjelland (Sp), og nestleiar blir Reinert Svanberg (Frp).

Utval for rehabilitering, helse og omsorg:

Tarjei Haga (Ap)
Susan Hassan Abdallah (Ap)
Marita Vassnes (Ap)
Ingrid Jahn Jordåen (Sp)
Sunniva Sande (Sp)
Tore Roth Blokhus (R)
Dag Ove Fauskanger (KrF)
Odd Ståle Larsen (Frp)
Eva Herskedal Irgens (Frp)
Reidun Stavland (H)
Christian Andre Balchen (H)

Leiar blir Tarjei Haga (Ap), og nestleiar Susan Hassan Abdallah (Ap).

Kontrollutvalet:

Astrid-Cecilie Aleksandersen (Ap)
Tore Jubskås (Sp)
Fredrik Litleskare (H)
Stian Djuvsland (Frp)
Reinert Svanberg (Frp)

Leiar blir Fredrik Litleskare (H), og nestleiar blir Stian Djuvsland (Frp).

- Annonse -
Forrige artikkelNy hurtigbåt levert av Oma Baatbyggeri – klar for rutetrafikk i Nord-Norge
Neste artikkelTrebarnsfamilie blir hasteflytta til Stord etter 11 år på mottak på Austlandet
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no