Kjell Pahr Iversen. Foto. Gunvor Saltvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

23. mars kjem Kjell Pahr Iversen på besøk til Fitjar.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

Den kjente samtidskunstnaren modellerer bileta sine med lys og skugge, og nyttar ein maleteknikk som gjev bileta hans ein spesiell glød.

– Å male lyset som kjelde til krefter og liv er det eg først og framst er oppteken av, seier Pahr Iversen.

Fitjarjubileum

Kjell Pahr Iversen ved eit av bileta han malte på Rimbareid skule, Fitjar, i 1968.

Kjell Pahr Iversen har vitja Fitjar før. For 50 år sidan måla han blant anna «Frå fantasiens hage» i inngangshallen på Rimbareid skule. Eit stort og fargerikt bilete.

Karvel Strømme tok kontakt med Pahr Iversen, og var den som inviterte han til Fitjar att for eit femtiårsjubileum. Strømme har sett i kunstnaren i «sitt ess», når har saman med kona si, Bjørg Strømme, fekk vitja det store atelieret til Pahr Iversen i Stavanger.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg er imponert over Pahr Iversen sin energi, og korleis han formidlar sine tankar gjennom ord, og vakre og spennande bileter, fortel Strømme.

- Annonse -

Frå New York til Fitjar

Kjell Pahr Iversen fekk si utdanning med Kunst- og håndverkskolen i Bergen, og ved Kunstakademiet i København og Amsterdam. Han har hatt mange utstillingar, blant anna i Noreg, Danmark, Sverige, Frankrike, Estland, Spania, USA og Russland. I 2017 vart han utnemnd til æresmedlem av Det russiske kunstakademiet.

Bileta til Pahr Iversen heng i fleire av dei store kunstmusea i Noreg, blant anna Nasjonalgalleriet.

No tek Kjell Pahr Iversen med seg rundt 20 bileter i akryl og olje til Fitjar. Han vert truleg den mest profilerte kunstnaren som vitjar Galleri Losjen til no. Utstillinga kan sjåast frå 23. til 28. mars.

– Me ønskjer hjarteleg velkommen til opning 23. mars, avsluttar Karvel Strømme.

- Annonse -