Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stavanger-kunstnar Kjell Pahr Iversen kom til Fitjar laurdag for opning av ny utstilling i Galleri Losjen.

For 50 år sidan var Iversen ein sommar på Fitjar for å måle «Frå fantasiens hage» i inngangshallen på Rimbareid skule. Eit stort og fargerikt bilete, men som ikkje kan opplevast lenger.

Biletet er nemleg blitt malt over.

– Då eg oppdaga at det store biletet blei dekka over vart eg veldig forskrekka. Eg kontakta kommunen for å få ei forklaring. Det fekk eg ikkje. Den einaste forklaringa eg fekk var at det var ein rektor som forlanga at biletet skulle bli tildekka. Det fekk ho i gjennom, fortel Karvel Strømme.

– Skulle glede oss i mange, mange år

Ham kontakta då kunstnaren og spurte om han var blitt informert om dette, noko han ikkje var.

– Dersom kunst i offentlege bygg skal takast vekk, så er det eit minimumskrav at kunstnaren måtte få uttale seg, seier Strømme.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette var eit bilete som skulle glede oss i mange, mange år. Kvifor det ikkje gledar dei tilsette lenger no, kan ikkje eg svare på. Men det skal me ikkje dvele ved no. No skal me heller nyte det du har med deg her i Galleri Losjen, 50 år etter.

Karvel Strømme. Foto: Kjetil Rydland

Og det var ei god mottaking kunstnaren fekk under opninga på laurdag, då 20-30 menneske møtte opp. Musikalske innslag sto gitarist Jarle Langeland frå Stord for, saman med Sunniva Aurora Bjelland Strand (11) og Sindre Bjelland Strand (14).

Varaordførar Agnar Aarskog fekk æra av å opne kunstnaren.

- Annonse -

– Det er stort for Fitjar å få ein kunstnar av Iversen sitt format her. Eg hugsar veldig godt då han haldt på den sommaren, for eg gjekk på skulen sjølv. For oss som fekk opp. Det var såpass stort at det var TV-reportasje frå dette kunstverket, sa Aarskog.

Varaordførar Agnar Aarskog og kultursjef Bente Bjelland. Foto: Kjetil Rydland

Gløymer aldri oppdraget på Fitjar

Iversen fortel at han aldri gløymer oppdraget på Rimbareid skule for 50 år sidan.

– Det gløymer ein aldri. Eg var på Fitjar ein heil sommar, og budde på Solstrand pensjonat. Eg har ikkje vore her igjen skikkeleg sidan den gongen, men unntak av då eg har køyrt forbi på veg til Bergen.

Kunstnaren fortel at oppdraget på Rimbareid skule var det største oppdraget han då hadde fått. Dette var kort tid etter at ordninga med at ein viss prosentdel av utgiftene med offentlege bygg skal nyttast til utsmykking kom på plass.

– No dukka gamle minner fram. Det var veldig hyggeleg. Eg er veldig glad for invitasjonen.

Kjell Pahr Iversen fekk si utdanning med Kunst- og håndverkskolen i Bergen, og ved Kunstakademiet i København og Amsterdam. Han har hatt mange utstillingar, blant anna i Noreg, Danmark, Sverige, Frankrike, Estland, Spania, USA og Russland. I 2017 vart han utnemnd til æresmedlem av Det russiske kunstakademiet.

Bileta til Pahr Iversen heng i fleire av dei store kunstmusea i Noreg, blant anna Nasjonalgalleriet.

Jarle Langeland sto for musikalske innslag, saman med Sunniva Aurora Bjelland Strand (11) og Sindre Bjelland Strand (14)..

- Annonse -